Hopp til innhold

«Folk må ta innover seg desse tala og forstå kor alvorleg det er»

Stadig fleire blir utsette for seksuell vald. No vil fagfolk ut i skulane for å bevisstgjere barn og unge på problemet – håpet er at dei også kan gi tidleg hjelp til dei som har vore utsett for vonde opplevingar.

Chatrine Elholm

SKREMMANDE: Chatrine Elholm seier det er skremmande mange som blir utsette for seksuell vald. No håpar ho at dei skal nå ut til barn og unge og gjere dei meir bevisste på problemet.

Foto: Rune Fossum / NRK

Dagleg leiar Chatrine Elholm ved Senter mot incest og seksuelle overgrep i Sogn og Fjordane seier tala sin tale er urovekkjande og alvorleg.

Ho trur mange rett og slett har vanskeleg for å ta inn over seg omfanget av kor mange som faktisk blir utsette for seksuelle overgrep.

– Statistikken seier at kvar sjuande jente og kvar fjortande gut opplever alvorlege seksuelle overgrep før dei fyller 18 år, seier ho til NRK.no.

– Dette er skremmande og omfattande, og vårt mål er å få folk til å ta innover seg desse tala og forstå alvoret, slik at vi kan gjere noko med det, seier ho.

Overraska over stor pågang

Ferske tal frå Justisdepartementet viser det har blitt meir av både den fysiske, psykiske og seksuelle valden.

At mange ber på vonde seksuelle opplevingar har Chatrine Elholm fått merke dei siste månadene. Ho er dagleg leiar ved Senter mot incest og seksuelle overgrep i Sogn og Fjordane, eit senter som opna i byrjinga av oktober i fjor. Berre i løpet av dei første månadene har dei merka stor pågang frå folk som har behov for å snakke med nokon.

– Erfaringsmessig frå andre senter tek det lang tid før folk tek kontakt, fordi det er ei stor barriere å gjere det. Men vi opplevde stor pågang med det same vi opna, seier Elholm.

Til no har dei hatt mellom åtte og ni brukarar, eit tal som gjerne ikkje høyrest mykje ut.

– Talet i seg sjølv kan høyrest lite ut, men når vi veit kor stor barriere det er for å ta kontakt, så veit vi at dette er eit ganske stort tal med tanke på kor kort tid vi har vore her, seier den daglege leiaren.

Trur folk visste om det

Mange av dei som tek kontakt med senteret fortel for første gang om overgrepa dei har blitt utsette for. Elholm seier brukarane opplever det som godt å endeleg få ut det dei har hatt med seg lenge.

– Dei aller fleste som tek kontakt har aldri snakka om overgrepa før dei kontaktar oss. Når dei først har snakka om det opplever dei det som godt at dei har funne seg ein plass dei kan prate og vere, seier ho.

Elholm seier mange av dei som er utsette for incest eller seksuelle overgrep går med ei kjensle av at folk visste om kva som skjedde, men aldri torte spør eller varsle.

– Temaet er skremmande og tabubelagt. Brukarane våre spør seg mykje om kvifor ingen såg dei eller spurte dei. Ofte har dei ei oppleving at mange visste at dei hadde det vanskeleg, men aldri spurte, seier Elholm til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Senter mot incest og seksuelle overgrep

MANGE SØKJER HJELP: I eit hus i Førde har Senteret mot incest og seksuelle overgrep teke i mot mange som vil snakke om overgrep dei har blitt utsette for.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Vil nå ut til barn og unge

Det er svært viktig at det blir lettare for folk å snakke om seksuelle overgrep, meiner Elholm. I fleire fylke har ein gjennomført eit prosjekt der ein har gått ut til sjetteklassingar med eit undervisningsopplegg om emnet. Dette skal senteret i Sogn og Fjordane no teste ut også her i fylket.

– Skulen er ein god arena å lære barn om seksuelle overgrep. Dei er i eit trygt og kjent miljø.

– I tillegg er dei i ein alder der det å ta hand om seg sjølve er viktig, dei nærmar seg puberteten og dei forstår meir om kvar grensene går, seier Elholm.

Håpar å forhindre overgriparar

Undervisningsopplegget handlar ikkje berre om incest og seksuelle overgrep, men tek også for seg tema om kva som er gode og vonde berøringar, barn sine rettar, fysisk og psykisk vald og rus for å nemne noko.

Elholm seier målet med undervisningsopplegget er samansett.

– Vi vil bevisstgjere og styrke dei mot seksuelle overgrep, og vi vil leggje til rette for å avdekke dei som har det vanskeleg slik at dei kan få hjelp.

– Ved å synleggjere korleis ein person kan oppleve det å vere utsett for overgrep, håpar vi også at vi kan forhindre potensielle overgriparar. Vi får også synleggjort overfor overgriparar at vi er ute og snakkar med barna, seier Elholm.

Kan redusere seinskadane

Det å få personar som er utsette for overgrep til å søkje hjelp tidleg har vist seg å vere svært viktig.

– Dei alvorlege seinskadane utviklar seg spesielt i ungdomsåra, difor er det viktig å nå denne gruppa slik at dei som opplever overgrep får hjelp. Om dei får hjelp tidleg viser det seg at seinskadane blir monaleg redusert, seier Elholm.

På sikt er målet at alle sjetteklassingane i Sogn og Fjordane skal få besøk, men i første omgang er det sett av midlar til eit par skular.

– Vi får håpe at dette kan bli ei permanent løysing.