Hopp til innhold

Elveeigarar mot cruisekai

Elveeigarane i Aurland er redde for at fleire cruisebåtar kan øydeleggje fisket i elvane. Difor går dei imot planane om ei ny cruisekai i Flåm.

Flåm med cruiseskip

NEI TIL NY KAI: Elveeigarlaga i Aurland vil ikkje ha ei ny kai ved osen til Flåmselvi.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

I ei fråsegn som er referert i Bergens Tidende i dag skriv elveeigarlaga i Flåm, Nærøydalen og Aurland at det er ei opplagt sak at cruiseskip i elveosane vil ha uheldige fylgjer for laks og sjøaure.

Både Flåmselvi og Nærøydalselvi er nasjonale laksevassdrag. Leiar Bjørn Vike i Aurland elveeigarlag og Sogn Villaksråd seier til NRK at dette har blitt ei svært betent sak.

– Når dei no planlegg å legge kaia i elveosen i Flåm, då er grensa nådd. Det er opplagt at det har konsekvensar å legge ei cruisekai på tvers av osen på eit nasjonalt laksevassdrag.

Bjørn Vike

- GRENSA ER NÅDD: Bjørn vike.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

– Inga skam å snu

Vike meiner reiselivsnæringa og kommunen lagar ris til eigen bak dersom dei gjennomfører planane om ny cruisekai i Flåm.

– Dei vestnorske fjordane er kåra til det fremste reisemåla i verda. Her kan vi ryke utatt, for med desse planane er vi ikkje lenger berekraftige. Vi ber innstendig politikarane i Aurland om å tenkje seg om. Det er inga skam å snu.

Vike strekar under at elveeigarane ikkje er imot utvikling i lokalsamfunnet.

– Men vi må sjå på andre måtar å skaffe arbeidsplassar på. Det er ikkje med cruise vi skal redde bygdene våre.

Mot ny rekord

Det går mot ny rekord for talet på cruiseanløp i Flåm komande sesong, for første gong kan det kome over 200 cruiseskip.

Aurland kommunestyre har vedteke å greie ut bygging av ei fleire hundre meter lang faldebru - ein seawalk. Denne skal forankrast ved osen til Flåmselvi, skriv Bergens Tidende.

Ei tilsvarande faldebru vart teken i bruk i Skjolden i Luster kommune i 2012.

  • LES OGSÅ:
  • LES OGSÅ:
Testa ut Seawalk-kai i Skjolden

I BRUK I SKJOLDEN: Ei slik faldebru kan vere aktuell i Flåm.

Foto: Tage Skjaak Moen