Hopp til innhold

Trøblete morgon på vegane

Onsdag morgon skapte vêret utfordringar for vegfarande fleire stader i Sogn og Fjordane. I fjellet herja uvêret, medan temperaturar rundt null grader førte til glatte vegar i store område. I tillegg er det framleis fare for ras.

Uvêr stengjer fylkesveg 53 Årdal-Tyin onsdag morgon

UVÊR: Vinden herjar i fjellet og fleire vegar er stengde. Her frå Tyinosen på fylkesveg 53 mellom Årdal og Tyin klokka 05 onsdag morgon. Vegen her opna rundt klokka 08 onsdag morgon.

Foto: Statens vegvesen/Webkamera

Både fylkesveg 50 Hol-Aurland og fylkesveg 53 Årdal-Tyin var tidleg onsdag morgon stengde på grunn av uvêr. Men like over klokka 08 melder Statens vegvesen at situasjonen har betra seg på Tyin-Årdal, og vegen her er no opna. Også Hol-Aurland kunne etter kvart opne etter fleire timar stenging, og like før klokka 12 er det mogleg for folk å ta seg aust-vest også her.

Fylkesveg 13 over Gaularfjellet var også stengd i morgontimane, her var det på grunn av fare for ras. Like før klokka 11 melder Vegvesenet at dei har valt å vinterstenge vegen for vinteren.

Fylkesveg 92 mellom Bjordalen og Stordalen er onsdag morgon framleis stengd på grunn av oppryddingsarbeid. Ifølgje Vegvesenet blir vegen ikkje opna att i dag.

Slik er stoda klokka 12.00:

  • E16 Filefjell – Snø- og isdekke
  • Riksveg 13 Vikafjellet – Snø- og isdekke
  • Riksveg 15 Strynefjellet – Snø- og isdekke
  • Riksveg 52 Hemsedalsfjellet – snø- og isdekke
  • Fylkesveg 13 Gaularfjellet – vegen er stengd for vinteren (opnar først i mai)
  • Fylkesveg 50 Hol-Aurland – fri ferdsle (var stengd grunna uvêr fram til klokka 12)
  • Fylkesveg 53 Tyin-Årdal – fri ferdsle (var stengd fram til ca klokka 08)
  • Fylkesveg 60 Utvikfjellet – snødekke og snøslaps
  • Fylkesveg 92 Bjordalen-Stordalen – stengd på grunn av oppryddingsarbeid

Betring i sikte på fjella

Roger Nedberge Hille ved Vegtrafikksentralen i Lærdal seier like over klokka 06 at det er meldt om spesielt glatte køyreforhold i ytre strok onsdag.

Med tanke på fjella skal det i morgontimane vere greie føreforhold på både Filefjell og Hemsedalsfjellet. Aurland-Hol og Årdal-Tyin vart natt til onsdag stengde på grunn av at vinden herjar, men her ser det ut til at det betrar seg utover morgontimane og føremiddagen, seier Nedberge Hille til NRK.no klokka 06.15.

– Førebels har vi fått melding om at Årdal-Tyin vil opne klokka 08. På Aurland-Hol må dei vente litt lenger, der har ikkje vinden gitt seg enno. Men vegen her bli truleg opna i løpet av føremiddagen, seier Nedberge Hille til NRK.no.

Like over klokka 08 melder Statens vegvesen at dei har opna Tyin-Årdal for fri ferdsle. Klokka 12 vart også Hol-Aurland opna att.

Gaularfjellet er onsdag morgon stengt på grunn av fare for ras. Nedberge Hille sa like over klokka 06 at det vil bli gjort ei vurdering i løpet av dagen om vegen kan opne, eller om fjellet her blir vinterstengt. Klokka 11 var det bestemt at vegen er stengd for vinteren.

Nullføre fører til glatte vegar

Fleire stader har det i løpet av natta kome nedbør, fleire stader som snøslaps. Meteorologisk institutt sende seint tysdag kveld ut eit OBS-varsel for store delar av Sogn og Fjordane. Varselet gjeld for områda på Vestlandet sør for Stad.

Ifølgje varselet er det tysdag kveld og tidleg onsdag venta at temperaturen vil vere rundt 0 grader mange plassar. Dette vil føre til glatte vegar på Vestlandet sør for Stad, lyder meldinga.

Då NRK snakka med statsmeteorolog Martin Granerød tysdag kveld sa han at det ikkje såg så veldig lovande ut vêrmessig for folk i Sogn og Fjordane. Eit lågtrykk vil prege fylket dei komande dagane, og det vil kunne få store konsekvensar.

– Det er framleis svært stor rasfare fleire stader på grunn av vêrtypen som ligg over fylket. Temperaturane vil gå litt opp, men kryp nedover gradestokken om natta. Og med regnet som er venta vil dette føre til at det kan rase, forklarer Granerød.

Det har vore stor rasfare i nyttårshelga og Statens vegvesen fortel om stor pågang på telefonen frå folk som har opplevd svært glatte vegar i fylket.