Hopp til innhold

Mann fall i Stryneelva

Ein mann i 50-åra fall i elva ved Årheim i Stryn natt til 1. nyttårsdag. Mannen vart berga opp av elva av to andre personar.

Mann fall i elva i Stryn.

Både politipatrulje, ambulanse og Røde Kors vart kalla ut til elva for å hjelpe den uheldige mannen.

Foto: NRK-tipsar

Klokka 00.48 fekk politiet melding om at ein person hadde falle i elva. Ambulanse, Røde Kors og politipatrulje vart kalla ut for å berge mannen. Alt klokka 01.07 fekk politiet melding om at mannen var berga på land av to personar som gjekk ut i elva og hjalp han.

Både den uheldige mannen og dei to bergingsmennene var nedkjølte, og fekk hjelp av helsepersonell, opplyser politiet.