Hopp til innhold

Miljøforkjempar krev nei til gruvedrift frå ny regjering

– Også ei eventuell ny borgarleg regjering må seie nei til gruvedrift i Vevring, seier Anne-Line Tingnes Førsund i Vevring og Førdefjorden miljøgruppe.

Fjorddeponiet i Førdefjorden

VENTAR PÅ AVGJERD: Både forkjemparar og motstandarar ventar på snarleg avgjerd i saka om fjorddeponi i Førdefjorden.

Foto: Illustrasjon: Nordic Mining

Selskapet Nordic Mining har enno ikkje fått grønt lys til å starte gruvedrift i Enbøfjellet.

– Uavhengig av type regjering, må det ikkje bli gruvedrift i Vevring. Om det blir regjeringsskifte, reknar vi med at den regjeringa også vil vere bunden av dei same faglege råda, seier Tingnes Førsund.

170 nye arbeidsplassar

Det er usikkert når det blir avgjort om selskapet Nordic Mining får grønt lys til å starte utvinning av mineralet rutil i Engebøfjellet ved Vevring. Gruvedrift vil innebere at det må dumpast store mengder gruveslam og stein, noko mange meiner vil øydelegge Førdefjorden.

På den andre sida vil gruvedrift skape om lag 170 nye arbeidsplassar. Nye arbeidsplassar er ikkje eit godt nok argument til å seie ja til utbygging, seier Tingnes Førsund.

– Det er snakk om 170 arbeidsplassar som vi i hovudsak må rekne går til utanlandsk arbeidskraft. Dette kan aldri betale for ein Førdefjord som blir lagt brakk i 50 år.

Ventar på avgjerd

Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell, opphavleg frå Naustdal, har hatt saka liggjande på bordet sitt sidan i juni 2011. Administrerande direktør i Nordic Mining, Ivar A. Fossum, forventar at det snart blir teke ei avgjerd.

– Vi har investorar og aksjonærar som har stor tru på prosjektet og som er tolmodige, men alt har ei grense.

Tingnes Førsund er ikkje redd eit eventuelt regjeringsskifte hausten neste år, men håper samtidig på at sitjande raudgrøne regjering seier eit endeleg nei til gruvedrift.

– Vi ventar i hovudsak at sitjande regjering viser styringsvilje og tek avgjerder ut frå dei faglege råd dei har fått.

Håper på snarleg ja

Både Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet er skeptiske til den planlagde gruvedrifta, men det er ikkje Harald Kvame, varaordførar i Naustdal. Han håper på ja-svar snarast råd.

– Vi ventar alle på ei avklaring så fort som råd er, seier han.