Hopp til innhold

Fiskarar ser mørkt på Lofot-fisket

Snart startar det viktige og tradisjonsrike Lofotfisket. Men sjølv om havet er fullt av fisk ser fiskarane mørkt på årets sesong. Årsaka er elendige prisar.

Fiskarane

UROA: Øystein Færestrand, Jarl Magne Silden og Tony Silden fryktar dei tener mindre pengar enn før på årets Lofot-fiske.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Sjarkfiskar Øystein Færestrand skal snart ut på det som ofte er årets viktigaste fiskeri, men i år er forventningane låge.

– Nei, eg er usikker på korleis det skal gå for enkelte. Torskefisket har jo vore grunnlaget for resten av året.

Det er dårleg stemning på kaia i Måløy. 25 år gamle Øystein Færestrand har investert nær tre millionar i å bli sjarkfiskar, men no sviktar inntektene.

Fryktar store tap

Snart startar det viktige Lofotfisket for han og over tusen andre fiskarar frå heile landet, men gjeldskrisa i Europa fører til elendige prisar. Om lag 10 kroner for eit kilo torsk er vel halvparten av det den har vore.

– Kostnadene er jo dei same, det er jo dei øvste kronene du sit att med og dei forsvinn no.

Så låge prisar kan bety tap for hundretusenvis av kroner for ein sjarkfiskar. Men også dei store havgåande båtane får svi.

– Her har du stort sett torsk og hyse. Denne fisken er verdt knapt 20 kroner kiloen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Skreifiske i Lofoten

ELENDIGE PRISAR: Dei låge prisane kan føre til tap for hundretusenvis av kroner.

Foto: Idar Henriksen

Enormt med torsk – men dårlege prisar

Skipper Tony Silden om bord i linebåten Veststeinen ser ned i eit stappfullt lasterom. I sju veker har mannskapet på 15 fiska under tøffe forhold i området mellom Bjørnøya og Spitsbergen, men utbyttet er mindre enn venta.

– No kjem vi her med totalt 420 tonn, og leverer for om lag seks, kanskje seks og ein halv million kroner. Det er gjerne tre millionar mindre enn det burde vore. Vi er jo forplikta til å betale løn, folk skal betale huslåna sine, det er ikkje mange i landet som har gått ned 20–30 prosent i løn dei seinare åra.

– Dramatisk og trasig

Det er enormt med torsk i havet for tida. Totalkvoten er neste år på rekordhøge ein million tonn, men det hjelp lite når økonomisk uro i verda fører til elendige prisar.

Fiskarlagsleiar i Sogn og Fjordane Jarl Magne Silden er bekymra, særleg for dei mindre båtane som ikkje har alternative fiskeri.

– Det er ikkje meir enn eit par år sidan denne fisken hadde vore verdt 30 kroner. Det er dramatisk og trasig for fiskarane. Paradokset er jo også at prisen til konsumenten er den same, seier Silden.

95 prosent av torsken som blir fiska dei neste månadene skal til utlandet. Men dei store marknadane sør i Europa strevar med stor arbeidsløyse og dårleg kjøpekraft.

Stor fortviling

Direktør Trygve Myrvang i Norges Råfisklag seier det er uvisse både hjå kjøparane på land og i marknaden i Europa

Det er råfisklaget som fastset den såkalla minsteprisen for torsk etter forhandlingar med oppkjøparane. Fiskarane meiner prisane burde vore sett høgare, men Myrvang seier det er marknaden som rår, likevel skjønar han frustrasjonen.

– Fortvilinga er stor blant mange fiskarar. Det er klart det er tøft for fiskarar i Norge, i eit land der økonomien elles er sterk går fiskarane faktisk ned i inntekt.

Tykkjer det er få lyspunkt

Tilbake i Måløy har Øystein Færestrand tatt seg i å lure på om det var rett å satse. I år bergar 25-åringen seg på ei eiga rekrutteringskvote som gjer at han får fiske over dobbelt så mykje som eldre kollegaer. Men marginane er små.

– Over 30 prosent mindre fangstverdi merkast godt, det er ikkje mange lyspunkt no eigentleg, seier han.