Hopp til innhold

Framleis stengd på Vikafjellet

Riksveg 13 over Vikafjellet er framleis stengd etter det store raset som kom laurdag.

Vikafjellet ved Hestavollen

STENGD: På laurdag kom det eit stort skred som stengde vegen over Vikafjellet.

Foto: Webkamera

Raset er 20-30 meter breitt og tre-fire meter høgt. Vakthavande ved vegtrafikksentralen i Lærdal, Roger Nedberge Hille, seier raset enno ikkje er ferdig rydda.

– Det er ei utfordrande rydding. Det blir teke ei ny vurdering i 10-tida når det er lyst nok, seier han til NRK i 06-tida.

Fylkesveg 13 over Gaularfjellet er framleis stengd på grunn av uver.

– Det blir no vurdert om fjellet skal vinterstengjast. Når det gjeld fv 92 Bjordalen–Matre som også er stengd, blir det teke ei ny vurdering på føremiddagen, seier Hille.

Han fortel at det er bert og vått mange stader i låglandet, men det er isdekke og fare for glatte parti enkelte stader.

– Særleg i Sunnfjord og Nordfjord er det mange verre og våte vegar. På fjellovergangane er det greie køyreforhold no i 06-tida, seier han.