Hopp til innhold

Ei regntung helg

Brekke i Sogn er nedbørsvinnaren denne helga. Det regna heile 74,1 millimeter frå laurdag til søndag.

Etter regnet
Foto: Glenn Thomas Nilsen

Har du blitt våt på beina i løpet av helga? Då er du truleg ikkje åleine. Fleire plassar i fylket har fått mykje nedbør, på kort tid.

Mange bøtter med vatn

NVE sendte ut flaumvarsel fredag. Kombinasjonen store nedbørsmengder og høge temperaturar gjorde at NVE åtvara både mot flaum og skred.

Tal frå meteorologisk institutt viser at varselet slo til fleire plassar.

Innbyggjarane i Brekke i Sogn fekk mest av alle, men på ein god andreplass finn vi Hovlandsdalen i Fjaler med 58,7 millimeter nedbør på eitt døgn.

Rekna om til liter vert det nær 60 liter vatn, per kvadratmeter.

Svært lokale forhold

Målingane er gjort frå laurdag klokka 07.00 til same tidspunkt søndag morgon. Meteorolog Geir Ottar Fagerli seier varselet om lokalt store nedbørsmengder slo til.

– Til dømes fekk ein på Eimhjellen i Gloppen 56,6 millimeter, medan Tefre i Førde berre fekk 39 millimeter. Det er om lag som ein haustdag, seier Fagerli.

Gjengedal fekk 55,9 millimeter, medan Innvik måtte ta til takke med knappe 10 mm. Det regna også lite i Indre Sogn. I Sogndal kom det 49,6 mm.

– Men det var jo meldt opp mot 100 millimeter?

– Ein varmfront som kom innover fylket natt til søndag, førte til at det ikkje var så mange plassar som fekk rundt 100 mm nedbør, forklarar Fargerli.

Regnet slo også til sør for oss. Rundt Etne i Sunnhordaland kom det heile 120 mm nedbør.

Stengde vegar

All nedbøren og auka temperaturar førte og til stor skredfare. Fleire vegar var stengde på grunn av ras eller rasfare laurdag og søndag.

Søndag kveld er det berre riksveg 13 over Vikafjellet som framleis er stengt.

Søndag melder Vegtrafikksentralen om stor pågang på grunn av is- og steinnedfall, men ingen så store at vegar er blitt stengde.