Hopp til innhold

Stiv kuling kan stoppe rakettar

Sterk vind på kysten kan føre til få rakettar på himmelen nyttårsaftan. I alle fall dersom brannvesenet får det som dei vil.

Fyrverkeri

FEIRING: Stiv kuling og oppskyting av rakettar er truleg ein dårleg kombinasjon.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Det er slett ikkje meldt noko godt vêr på årets siste dag. Tungt skydekke og vind er stikkorda. Og det er på kysten det vert verst.

Stiv kuling

– På kysten vert det på kvelden ein sørleg liten til stiv kuling, seier meteorolog Geir Ottar Fagerli.

Det skulle vere meir enn nok vind til at nyttårsrakettar kan kome ut av kontroll.

– Ein bør ta omsyn til vind og vindretning når ein tenner på fyrverkeri, seier meteorologen.

Han får støtte av brannmenn på kysten.

Ber folk tenkje seg om

– Når det er meldt såpass mykje vind oppmodar vi folk om å tenkje seg svært godt om før det tenner på rakettar, seier varabrannsjef i Flora, Eivind Ask.

– Det er klart det er ekstra risikabelt med fyrverkeri når det er slik vind.

Eivind Ask

VARABRANNSJEF: Eivind Ask.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Men å leggje ned noko forbod kan han ikkje.

– Vi i brannvesenet kan ikkje kontrollere kva alle gjer, så vi må berre be folk vere forsiktige, seier Ask.

Han minner også om at alle bør bruke briller for å unngå skader på auga.

Heldig vindretning

Tradisjon tru er det også i år planlagd fyrverkeri i sentrum av Florø, i regi av kommunen.

Fyrverkeri til mellom 70.000 og 80.000 kroner pleier å gå i lufta klokka 20.00 på årets siste dag.

Trass i meldingar om stiv kuling kan brannvesenet kome med ei gladmelding.

– Dersom det er sønnavind går det kommunale fyrverkeriet som planlagt. Då vil alle rakettar gå på sjøen, seier Ask.

Ekstra beredskap

Også brannsjef i Askvoll Per Jan Ryland ber innbyggjarane om vere fornuftige.

– Folk må tenkje på kva konsekvensar det kan få, og heller vente med å skyte opp rakettar dersom dei er usikre, seier Ryland.

Brannsjefen sjølv kjem ikkje til å skyte opp rakettar i stiv kuling.

– Det er betre for alle partar dersom ein heller ventar til vinden stilnar, seier Ryland.

Brannvesenet i Askvoll stiller også i år med ekstra beredskap i tilfelle noko skulle gå gale.

– Eitt lag står klar til å rykke ut dersom det vert nødvendig, seier brannsjefen som håpar det vert ein roleg kveld.

Mykje regn

Det er dessverre ikkje berre vinden som vil setje sitt preg på nyttårsfesten.

– Eit nedbørsfelt kjem til å passere fylket på ettermiddagen. Her vil det kome ein god del nedbør. Mellom 10 og 30 millimeter, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerli.

På sjølve nyttårskvelden vil det kraftigaste regnet gje seg.

– Regnet vil gå over i regnbyer. Det vil nok vere lengre opphald mellom regnet, men i tillegg er det ein sjanse for at det kan kome torevêr i ytre strøk, seier Fagerli.

På dei større plassane lenger inn i landet vil vinden vere langt rolegare.

– Det blir eit tungt skydekke, og det kan kome langt nedover fjellsidene, men det vert ikkje skodde, så sikten vert ikkje så aller verst i låglandet, seier meteorologen.