Hopp til innhold

Det store snøraset er like høgt som ryddeshovelen

Då brøytemannskapet kom for å brøyte opp riksveg 13 på Vikafjellet søndag, oppdaga dei at det hadde gått eit nytt kjemperas på fjellovergangen som knyter Sogn og Fjordane til Hordaland.

Vikafjellet

DÅRLEG SIKT: Biletet er teke frå førarhuset på fresen mot det store raset.

Foto: Statens vegvesen

– Det nye raset har gått ved Ygnisdal og er ganske stort. Det er minst like høgt som shovelen som dei nyttar for å brøyte seg gjennom snømassane, så då er det vel tre-fire meter høgt, minst, seier operatør ved Statens vegvesen sin vegmeldingssentral i Lærdal, Ketil Molvær.

Laurdag vart riksveg 13 over Vikafjellet stengd fordi eit ras på 20-30 meter stengde vegen. Med nok eit ras i løpet av natta har brøytemannskapa nok å ta fatt i.

– Det er mykje som skal flyttast på. Og sidan det var ganske mildt i går, så reknar eg med at det er tung snø. Dei jobbar med saken, men det er for tidleg å seie noko om Vikafjellet kjem til å opne i dag, seier Molvær.

Uvisst om dei opnar fjellet i dag

Det vart gjort nye vurderingar etter klokka 12, men framleis er det uvisst om fjellet kjem til å opne.

– Det kan godt hende dei klarar å brøyte gjennom, men likevel kan fjellet forbli stengt grunna rasfaren. Vi lyt sjå utover ettermiddagen, seier Molvær til NRK i 13-tida.

Fylkesveg 53 Årdal-Tyinkrysset vart i går stengd grunna fare for ras. Her tek Statens vegvesen sikte på at vegen vert opna litt før klokka 15.

– Sidan i dag tidleg har det gått frå pluss to grader til minus to, så det har stabilisert seg når det gjeld rasfaren her, seier Molvær til NRK.no i 13.30-tida.

Hyttegjestane måtte vente

Fleire hyttegjestar i Tyinområdet har vore innesperra grunna vegstenginga. Christine Christensen og Joakim Skuggen er to av dei som har vore vêrfaste på hytta si på Tyin.

– Vi har det etter tilhøva bra. Det er ikkje første gongen vi sit fast slik, så vi klarar oss godt. Men det hadde vore kjekt å kunne ta ein tur i skitrekket på Filefjell, sa Skuggen til NRK.no laurdag ettermiddag.

(Artikkelen held fram under biletet)

På Tyinosen

SIT VÊRFAST: Christine Christensen og Joakim Skuggen har framleis ikkje vegforbindelse grunna rasfare.

Foto: Privat

Fylkesveg 337 mellom Hafslo og Veistastrand vart laurdag stengd grunna ras og fare for ras. Her vert det arbeidd med å rydde vegen.

– Dei har byrja å brøyte seg innover, så får vi berre sjå kor lang tid det tek, seier Molvær.

Også fylkesveg 152 til Menes har vore stengd sidan laurdag grunna ras og fare for nye ras.

– Her har det gått eit stort og eit lite ras, og det reknar dei med at dei får rydda i løpet av ettermiddagen, seier Molvær.

Slik er stoda på fjella i 11.30-tida:

  • E16 Filefjell: Snø- og isdekke, - 2 grader, svak vind og lette snøbyger.
  • Riksveg 15 Strynefjellet: Snø- og isdekke. - 4 grader, frisk bris og snøbyger.
  • Riksveg 52 Hemsedalsfjellet: Snø- og isdekke, - 2 grader, svak vind og opphaldsvêr.
  • Fylkesveg 60 Utvikfjellet: Vekslande snøslaps og isdekke. 4 grader, laber bris og sluddbyger.
  • Fylkesveg 50 Hol-Aurland Snø- og isdekke, stadvis redusert sikt. - 2 grader, frisk bris og snø.
  • Fylkesveg 13 Gaularfjell: Stengd grunna uvær.