Hopp til innhold

Flammane stod til vêrs då bil brann opp i Stryn sentrum

Ein personbil tok fyr i Stryn sentrum like før midnatt. Til alt hell var føraren ute av bilen då flammane tok overhand.

Bil i fyr Stryn

TIL HIMMELS: Flammane stod høgt då brannen var på sitt verste.

Foto: Siv Malin Nesje

– Vi fekk melding om at ein bil stod i brann i Stryn sentrum klokka 23.59. Då var føraren ute av bilen, opplyser vakthavande ved 110-sentralen i Sogn og Fjordane, Frode Korneliussen.

Brannvesenet i Stryn kom ganske raskt på staden og fekk kontroll over situasjonen.

Starta i instrumentpanelet

– Bilen vart nok fort overtent, og det såg nok dramatisk ut for folk i nærleiken. Men brannen var raskt sløkt. Brannvesenet har ganske effektivt utstyr for denne type brann, seier Korneliussen.

Det er førebels uvisst kva som starta brannen. Det skal heller ikkje ha vore fare for at brannen skulle spreie seg til bygningar rundt.

– Ifølgje loggen vår skal brannen ha starta i instrumentpanelet, noko meir kjenner vi ikkje til, opplyser operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Inge Værøy.

Bil stod i brann

DRAMATISK: Det såg ei stund dramatisk ut, men brannvesenet fekk raskt kontroll over brannen.

Foto: Siv Malin Nesje