Hopp til innhold

Slo til mann i 20-åra i sentrum

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ein mann i tenåra er mistenkt for å ha slått til ein mann i 20-åra i Førde sentrum like etter midnatt søndag.

– Vi kjenner ikkje detaljane i hendingsforløpet, men politiet er kjent med personalia til gjerningsmannen, og saka vil bli følgt opp, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Inge Værøy.

Hendinga skal ha skjedd i Førde sentrum, og ikkje i tilknyting til ein utestad. Det er ikkje kjent om det var vitne til hendinga.

I 00.35-tida måtte politipatruljen i Førde ta hand om ein overstadig rusa manni 30-åra som hadde ramla og slege seg. Etter ein sjekk på legevakta vart mannen sett i drukkenskapsarresten for natta.

Mellom klokka 01.05 og 01.30 måtte poiltiet i Årdal oppsøkje to adresser i Årdal etter fleire klagar på høg musikk. Forholdet vart ordna på staden.