Hopp til innhold

Skulle reparere straumfeil, men så rauk kraftstasjonen

Medan ein skulle reparere ein feil på hovudnettet, skulle ein lokal kraftstasjon i Lærdal halde lærdølane med straum. Men då denne også rauk, vart heile Lærdal svartlagt i vel to og ein halv time.

Utan straum

TENDE LYS: F.v. Anders Jerving, Ingvild Jerving og Sindre Bentås tok straumutkoplinga med ro, og fann fram kortstokken.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

– Det starta med ein hastejobb som måtte gjerast grunna ein feil på sentralnettet på Borgund. Då måtte Lærdal koplast ifrå og få kraft frå ein kraftstasjon i Lærdal. Men av ein eller annan grunn har den stoppa, seier vakthavande ved Lærdal Energi, Torbjørn Menes.

Lærdal fekk straum frå Borgund kraftverk sidan fredag ettermiddag då ein måtte koble frå Statnett sitt 300 kV-anlegg grunna ein skade på ei samleskinne.

– Under reparasjonsarbeidet laurdag var det for liten sikkerheitsavstand for å gjere utbetringa, så difor måtte ein forsyne Lærdal frå Stuvane kraftverk. Det gjekk fint i 1,5 før det datt ut av ein eller annan ukjend grunn, opplyser kraftverksjef for Østfold Energi, Bjørn Røvik.

Kom tilbake like før kl. 17

Dermed vart det litt tidlegare kveld i Lærdal enn kva normalt er, men like før klokka 17 fekk husstandane att straumen.

– Den opphavlege feilen var på Statnett sitt anlegg, og den er no fiksa av dei, seier Røvik.