Hopp til innhold

Dette hotellet er inne i sitt femte år med raude tal

Når 2012 er over må direktør for Sognefjord hotell på Leikanger konkludere med at år nummer fem med raude tal er forbi. Og fleire kan det bli. Den sterke kronekursen er ikkje godt nytt for små hotell.

Jack Eggum

DÅRLEG NYTT: Direktør ved Sognefjord hotell, Jack Eggum, skulle gjerne sett at kronekursen ikkje var fullt så sterk.

Foto: Katrine Nybø / NRK

Ikkje sidan 1986 har den norske krona vore meir verdt. Det gjer det vanskeleg for hotell i distrikta å konkurrere på pris når dei skal forhandle med utanlandske turoperatørar.

– Vi merkar det svært godt. Det er vanskeleg for oss å få auka prisane fordi turoperatørane som vi har avtale med, brukar den sterke kronekursen som eit argument, og at ein ikkje har noko å gå på, seier direktør ved Sognefjord hotell på Leikanger, Jack Eggum til NRK.no.

Ifølgje Bergens Tidende har Sognefjord hotell hatt eit fall i driftsinntektene frå 10,3 millionar kroner i 2007 til 7,8 millionar kroner i 2011. I Sogn gjekk 14 av 24 hotell i minus, og ser ein på fylket under eitt hadde nær halvparten av hotella i fylket raude tal i 2011.

Tener mindre per omsett krone

Eggum legg til at dei føler prisauken vert for liten i høve det dei burde hatt.

– Det er eit kjempeproblem, og det gjer at vi tener mindre per omsett krone, seier Eggum.

Å forhandle med turoperatørane før neste års sesong er ein krevjande prosess.

– Dei brukar argumentet at Norge er eit dyrt land å reise til. Eg argumenterer med at vi må jo tene pengar vi også, elles er det ikkje noko vits å drive på. Det forstår dei også, men likevel er du i ein situasjon der dei meiner det er vanskeleg å få gjestar til å komme dersom dei aukar prisane, seier Eggum.

Han legg til at det då vert ein diskusjon som endar med at ein må gi litt.

– Ein får ikkje den prisauken ein ønskjer, seier Eggum.

Vanskelegare å dra turistar til Norge

Han legg ikkje skjul på at han gjerne hadde sett at kronekursen var noko svakare enn den er.

– Dette er viktig for oss. Vi driv ei eksportbedrift der vi eksporterer turisttenester. Difor er det viktig for oss at ikkje krona er så sterk for å få turistar til å kjøpe reiser til Norge. Er krona svakare får dei meir att for pengane og det er lettare for dei å komme til Norge for å feriere, seier Eggum.

Trass i den sterke krona ramlar bestillingane inn jamt og trutt hjå Eggum på Leikanger.

– Innbookingane for 2013 ser ikkje så verst ut, men det er først når ein kjem i februar, mars og april at ein ser korleis det blir til slutt. Men bookingane ser bra ut. Men det er ofte lik at turoperatørane vil sikre seg, og at dei bestiller på førehand utan at dei nødvendigvis kjem med så mange gjestar som dei har booka inn, seier Eggum.

Merkar nedgang på individuelle gjestar

Han legg til at det i 2012 var færre individuelle gjestar som booka gjennom til dømes bookingselskapet booking.com.

– Dei var sterke i 2011, men trenden var annleis i år. Eg trur det skuldast Euro-krisa. Det er dyrt å feriere i Norge, og det seier dei også alle saman. Dei handlar lite utanom, og har med seg det meste dei treng i bussane sine, seier Eggum.