Hopp til innhold

Det kjem meir nedbør i kveld

Sjølv om dei store nedbørsmengdene som var meldt for Vestlandet ikkje har slått til, vil det bli vått laurdag kveld.

Måløybrua

BLES GODT: Måløybrua var ei stund stengd laurdag då det bles opp mot orkan styrke. Men vinden skal minke mot kvelden laurdag.

Foto: Webkamera / Fjordenes Tidende

– Det passerte ein varmfront som gav noko mindre nedbør enn det som var meldt. Men hovudtyngda av nedbør vil komme laurdag ettermiddag og kveld, seier vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet, Geir Ottar Fagerlid.

NVE sende i går ut flaumvarsel for Vestlandet sør for Stad og Agder.

– Store nedbørsmengder og snøsmelting gjer at det blir raskt stigande vassføring i bekkar og elvar. I tillegg er det ein del snø einskilde stader som har tetta røyr, slukar og andre avløpsvegar, noko som kan gi overfløymingar, sa Ingjerd Haddeland ved NVEs flaumfarslingsteneste i går.

Kom 27 mm nedbør på Takle

Fredag vart det sendt ut OBS-varsel der det mellom anna heitte at det laurdag var venta mellom 50 og 100 millimeter fleire stader, og at det lokalt kunne komme opp mot 100–120 millimeter. Men så mykje ser det altså ikkje ut til at det blir.

– Det kom noko mindre enn ein hadde trudd, men vått har det vore einskilde stader, seier Fagerlid.

På Takle i Gulen kommune kom det 27 millimeter natt til laurdag.

– For laurdag ettermiddag ventar vi mest nedbør sør for Sognefjorden, og det ser ut til å bli minst i Nordfjord. Det er venta mellom 20 og 40 millimeter dei fleste stadar, medan dei mest utsette plassane kan få mellom 40 og 60 millimeter nedbør, seier Fagerlid.

Vinden løyer mot kvelden

Ved Stad har det blåse opp i storm styrke laurdag, men vinden skal roe seg når det lir mot kveld.

– Det skal bli ei betring i vindtilhøva mot kvelden. Men regnbygene som kjem kan bli kraftige, og einskilde stader vil ein nok merke intensiteten i regnbygene godt, seier Fagerlid.

Det er framleis meldt om mildvêr langt til fjells.

– Vi ventar regn opp mot 800–1000 meter. Det fører til stor fare for skred. Til dømes er det stor skredfare på Finse, men også på Strynefjellet er det betydeleg skredfare, seier Fagerlid.

Han peikar også på at faren for overvatn er stor.

– Når den kraftige nedbøren kjem, er det ikkje sikkert det tek unna der vatnet pleier å fare. Då finn vatnet nye vegar, seier Fagerlid.

Blir vått, vått og vått

Det er ikkje venta store endringar i vêret i tida framover, så det er berre å bu seg på mildt og vått vêr.

– Eg ser ikkje noko særleg med opphald, nei. Det blir ganske mykje nedbør, seier Fagerlid.

Han vil avvente til søndag før han kjem med ei endeleg vêrmelding for nyttårsaftan.

– Det ser ut til å bli litt av kvart, seier Fagerlid.