Hopp til innhold

Her sit Joakim og Christine vêrfaste på høgfjellet grunna rasfare

Joakim Skuggen og sambuaren Christine Christiansen skulle feire romjul på hytta på Tyin med gode vener. Men rasfare har stengt riksveg 53, dermed har ikkje venene komme fram. Og no sit paret fast på hytta si..

På Tyinosen

SIT FAST: F.v. Christine Christiansen og Joakim Skuggen og hunden Kongvoldrypas Diva Pocahontas sit fast på hytta på Tyinosen.

Foto: Privat

– Vi tek det med ro. Det er ikkje første gong vi opplever dette. Vi har greitt med mat, straum og ved, så vi klarar oss. Men det blei ikkje heilt som planlagt kan du seie, fortel Skuggen til NRK.no.

Paret som kjem frå Ytre Arna i Bergen kom opp på hytta, som ligg om lag 500 meter frå fylkesgrensa mellom Sogn og Fjordane og Oppland ved Tyinosen demning, første juledag.

Kamerat kom seg ikkje fram

Her skulle dei få besøk av kompisen André Kvalem tredje juledag. Men slik skulle det ikkje gå.

Dermed måtte han ta ei overnatting på Tyinkrysset i staden, før han returnerte til Bergen fredag.

Eit anna vennepar som skulle vitje Skuggen og Christiansen på Tyin, let vere å reise grunna vêr- og køyretilhøva. Tidlegare laurdag vart mellom anna riksveg 13 over Vikafjellet stengt grunna eit 20 meter breitt ras, og køyretilhøva har vore krevjande på fleire stader.

Også fleire familiar har hatt problem med å komme seg inn til hyttene sine i området. Det har dei fått merke ved Tyinkrysset fjellstue.

– Vi har hatt fleire her hjå oss som har måtte ta ei overnatting rett og slett fordi dei ikkje har komme seg inn til hyttene der dei hadde tenkt å vere i romjula, fortel dagleg leiar ved Tyinkrysset fjellstue, Anders Lykken.

Han fortel om vindstille og lett snøfall, og minus fire og ei halv grad på Tyinkrysset. Men det er rasfaren som stengjer riksveg 53 mellom Øvre Årdal og Tyin.

(Artikkelen held fram under biletet)

Mykje snø

HAR DET GREITT: Etter tilhøva har Christine Christiansen og Joakim Skuggen det bra på hytta. Men dei skulle gjerne fått seg ein tur i skitrekket på Filefjell.

Foto: Privat

Er stor rasfare i området

– Det er stor rasfare i Jåteli, samt ved vatnet som går frå Tyinstølen og til Tyin hotell. Slik tilhøva er no vil dei ikkje opne vegen i dag, utan at det vert politiaksjon, seier vakthavande ved Vegmeldingssentralen til Statens vegvesen, Ketil Molvær.

Han har hatt fleire telefonar frå folk som sit på hytter i området, og som gjerne skulle komme seg heim att etter dagar i fjellheimen.

– Vi har prøvd å få det til så godt det har late seg gjere, men no tek vi ikkje sjansen. Det vert ikkje opna att før ein har teke ei ny vurdering i morgon. Det kan først gjerast når det har komme dagslys, seier Molvær.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tyinosen

TETT DREV: Slik ser det ut no på riksveg 53 ved Tyinosen i retning Årdal.

Foto: Webkamera / Statens vegvesen

Skulle gjerne fått stått på ski

For Skuggen og sambuaren er det ikkje krise at dei ikkje har moglegheit til å komme seg frå hytta, men dei skulle gjerne ha vore ein tur på Filefjell for å stå på ski.

– Det har ikkje vorte mange skiturane kan du seie. Men vi får håpe det snur. Og så skulle vi gjerne ha fått feira nyttår med nokre vener på Filefjell, men vi kan ikkje anna enn å vente og sjå, seier Skuggen.

Korkje han eller sambuaren tek det tungt at dei førebels sit fast på hytta.

– Vi trivst begge i fjellet og er fjellvane, så det er ikkje noko ubehageleg. Men det er litt trist at vi ikkje har fått treft vennene våre i jula, seier Skuggen.