Hopp til innhold

Varslar mangel på farmasøytar

Mangelen på farmasøytar vil auke i åra som kjem. Allereie står 150 stillingar ledige.

Reseptbelagte legemidler

APOTEKJOBB: 150 stillingar som farmasøy står ledige.

Foto: NTB Scanpix

Vitusapoteket i Førde held stengt i romjula, kunne NRK fortelje fredag. Årsaken er at dei ikkje greier å skaffe vikar til sin farmasøyt.

No varslar fagforeininga Farmaceutene at behovet for denne arbeidskrafta vil auke.

Større behov

– Med samhandlingsreforma vil fleire kommunar også tilsette farmasøytar, og mangelen vil auke, seier leiar Tove Ytterbø i fagforeininga Farmaceutene.

– Behovet vil berre bli større.

Ytterbø peikar i tillegg på kampanjar om pasienttryggleik gjer at etterspurnaden etter farmasøytisk arbeidskraft aukar.

Tove Ytterbø

FAGFORENINGSLEIAR: Tove Ytterbø.

Foto: Kai Hovden / NTF

– Stavanger kommune er no i ferd med å tilsette sin første kommunefarmasøyt, seier ho.

Tidlegare har Trondheim kommune gjort det same. Ytterbø trur dette er noko fleire kommunar vil gjere i tida framover.

Nye arbeidsområder

Til dømes ved at farmasøyten går inn i tverrfaglege team saman med legar og sjukepleiarar, på sjukeheimar og i heimesjukepleien.

– Om ikkje alle kommunar tilset eigne farmasøytar, så ser vi heilt klart at samhandlingsreforma ønskjer å utnytte den kompetansen som farmasøytar har, på ein betre måte, seier Ytterbø.