Hopp til innhold

Stiv kuling og uvêr

Uvêr, ras og skredfare fører til fleire stengde vegar.

Måløybrua

STERK STORM: Riksveg 15 ved Måløybrua var stengd laurdag morgon då vinden nærma seg orkan styrke.

På Vikafjellet har det gått eit større ras, så det er usikkert kva tid vegen vil opna att.

Over 20 meter bredt

Vegtrafikksentralen hadde nettopp vore i kontakt med brøytemannskapet på Vikafjellet då NRK fekk ei oppdatering på vegane.

– Brøytesjåføren seier at det er veldig dårleg sikt der oppe, seier vaktoperatør Ketil Molvær på Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Eit større ras sperrar riksvegen.

– Det har gått eit 20-30 meter breidt ras, som er to til tre meter høgt, så det er stor rasfare på fjellet, seier Molvær.

Riksveg 13 over Gaularfjellet er stengt på grunn av uvêr, og vegen til Navelsaker er stengt på grunn av rasfare. Mellom Hol og Aurland på fylkesveg 53 opna det for kolonnekøyring rundt klokka 10.

Også på fylkesveg 53 Tyin - Årdal er rasfaren stor.

– Vegen er stengt heilt frå Øvre Årdal til Tyin hotel. Det er stor rasfare heile vegen, så det er svært usikkert om vegen vert opna i dag, seier Molvær.

Nær orkan på kysten

Medan skredfare pregar dei meir høgtliggande vegane, er det vinden som er faren på kysten. Måløybrua var stengd ein kort periode laurdag morgon då vinden nærma seg orkan styrke.

– Det bles framleis kraftig der ute. Det ligg på ein vel 28 meter i sekundet, opplyser Molvær.

Det tilsvarar sterk storm. Ved vindstyrke på 32 meter i sekundet stengjer brua automatisk.

Spesialvarsel

Meteorologisk institutt har sendt ut spesialvarsel på grunn av store nedbørsmengder. Lokalt kan det komme opp mot 100 til 120 millimeter sør for Sognefjorden.

Saman med temperaturstigning i løpet av laurdagen vil det gje stor snøskredfare og lokalt vanskelege køyreforhold i indre og høgare strøk først på dagen.

På kysten er vinden venta å avta til stiv kuling.

Stiv kuling

– Korleis er køyreforholda på dei fjellovergangane som er opne?

– På riksveg 15 over Strynefjellet er det stiv kuling, så der er det ganske mykje vind. Elles går det ganske bra både på Hemsedalsfjellet og over Filefjell, seier Molvær.

Elles har det vore stein- og isnedfall fleire plassar, men ikkje så mykje at vegar er blitt stengde.