Hopp til innhold

Lagar dokumentar om Mølletunet-tragedien

Historia om Garolin Nesaraja og hennar 20 månader gamle son blir over nyttår dokumentar på NRK1.

Brann i Førde

OMKOM: Den 24 år gamle asylsøkjaren Garolin Nesaraja og hennar 20 månader gamle son omkom i den tragiske brannen 16. januar i år.

Foto: Ole Andre Rekkedal/NRK

Det er Brennpunkt-duoen Bjørn Moldstad og programleiar Håkon Haugsbø som står bak dokumentaren om Garolin Nesaraja og sonen, som begge døydde av skadane dei fekk under ein brann på Mølletunet i Førde i januar i år.

Brennpunkt - Håkon Haugsbø

PRODUSERER: Saman med Bjørn Moldestad lagar Håkon Haugsbø dokumentar for Brennpunkt om den tragiske brannen i Mølletunet i januar i år.

Foto: NRK

Produksjonen blir ikkje ein tradisjonell Brennpunkt-produksjon.

– Dersom alt går etter planen, så blir den vist 12. februar, men eg trur vi skal satse på seint i februar, seier Håkon Haugsbø.

– Ei djup, djup tragedie

Politiet konkluderte med at kvinna sjølv starta brannen. I ettertid kom det stadig fram meir og meir av 24-åringen si tragiske forhistorie. Advokaten til kvinna, Kristine Aarre Hånes, skildra det heile som ei djup, djup tragedie.

Kvinna som flykta frå tamiltigrane, stod midt i ei menneskehandel-sak og mista kort tid før brannen syster si i heimlandet Sri Lanka. På toppen av dette venta ho over fem år på endeleg svar på asylsøknaden.

Kristine Aarre Hånes

ADVOKAT: Kristine Aarre Hånes.

Foto: RettAdvokat ANS

– Men med alle desse negative hendingane, avslag, lagt vekk sak om menneskehandel, drapet på systera og lang ventetida på asylsøknaden, så hadde ho lite håp for framtida på slutten, vedgjekk Aarre Hånes.

Tragedien skaka alle

Den tragiske hendinga skaka heile nasjonen og engasjerte også sentrale politikarar.

Saka gjekk også sterkt innpå Haugsbø.

– Når ein kjenner til historia, og veit korleis Garolin og ikkje minst hennar 20 månader gamle komplett uskuldige son enda sine liv på Mølletunet i Førde, så tenkjer eg at den som ikkje blir prega av det ikkje er rett navla, seier Brennpunkt-programleiaren.

– Fasiten har ingen

Fleire norske medium har teke opp jakta på historia bak det som skjedde på Mølletunet 16. januar i år.

Haugsbø seier dei no manglar eit pressevisum til Sri Lanka for å komme eit steg nærare fullføring av dokumentaren.

– Det er openbart at denne kvinna har opplevd ting som gav henne ein bagasje som vi andre forhåpentlegvis ikkje har. Akkurat kva som gjer det vil eg ikkje spå om. Det vil heller ikkje dokumentaren gi noko fasit på, for den fasiten har ingen, seier Haugsbø.

Livet på vent

– Dokumentaren byrjar ein time før brannen starta, og rullar tilbake til fødselen hennar på Sri Lanka. Vi vil fortelje historia om kvifor det gjekk som det gjekk, og kva som får ei mor til å ta livet av seg sjølv og sitt barn, fortel Haugsbø og held fram:

– Vi fortel ei historie om langvarig krig. Det handlar om vilkårleg bortføring og drap. Historia om Garolin er også historia om øydelagde familieforhold, djup sorg over mor som døydde og om fem år med total uvisse etter at ho kom til Norge. Livet på vent, medan det norske asylapparatet produserte papir.

Debatten stilna fort

Den tragiske brannen vekte til live debatt om asylpolitikken. Sentrale tema blir problematisert og tekne opp i dokumentaren.

Haugsbø ynskjer meir debatt om asylpolitikken.

– Ei desperat handling som denne brannen var, så tykkjer eg den debatten stilna veldig fort i ettertid. Er det noko ein bør debattere, så er det kva som er att av asylinstituttet, seier Haugsbø.

Treig saksgong

– Er det greitt å la menneske gå to-tre-fire-fem år utan å få svar? Når ein ser på sakshandsaminga og saksgongen her, så tok det ti månader frå eit offentleg organ sprø eit anna offentleg organ, til svaret er der. Ei enormt treigheit på trass eit menneske sitt openbare behov og rett til å få klart svar, seier han.

Haugsbø seier målet er å presentere dokumentaren i Brennpunkt i løpet av februar 2013.