Hopp til innhold

Har tre sendarar ute av drift

Norkring opplyser at tre sendarar er ute av drift i Stryn kommune.

TV uten signal

SIGNAL: Norkring har tre sendarar ute av drift i Stryn.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Dei tre sendarane er sendarane på Hogden, Oldedalen og Opheim. Det er førebels uvisst kvifor sendarane er ute av drift.

Norkring opplyser at dei er klar over problemet, og at dei arbeider med å rette feila. Dei håpar at alle abonnentane har fått attende sine signal om ikkje så alt for lang tid.