Hopp til innhold

No byrjar det å bli ruskete i fjellet

Det venta uvêret er byrja å feste grep om Vestlandet. No er også Vikafjellet stengt.

Vikafjellet

STENGT: Etter over tre timar med kolonnekøyring, vart Vikafjellet stengt like før klokka 20 fredag kveld.

Foto: Webkamera

Allereie i 14-tida vart fylkesveg 381 stengd mellom Krokevatn og Bjordal på Høyanger sørside.

Nokre timar seinare kom meldinga om kolonnekøyring på Vikafjellet. Like før klokka 20 vart fjellovergangen stengd på grunn av uvêr.

– No var det så dårleg at det var ikkje sjanse til å halde ope lenger. Brøytebilsjåføren seier det endåtil var problem med å komme seg opp på fjellet, seier vaktoperatør Ketil Molvær hos Vegmeldingssentralen i Lærdal.

Fare for ras

I tillegg er Årdal–Tyin stengd på grunn av fare for ras.

– Det byrjar med nedbør no klokka 19 og då dreg det seg til med vind. Klokka 22 blir det endå meir nedbør og vind, så då kan det bli tøft på fjellovergangane, seier Molvær og stadfestar at det virkar som om uvêret er byrja å setje inn.

– Dreg seg til no

Det er venta storm på Vestlandet det kommande døgnet, og NVE og Meteorologisk instutt har sendt ut kvar sine varsel når det no blir både plussgrader og store nedbørsmengder i form av regn.

NVE varsla i første omgang fare for femårsflaum. Denne er no oppgradert til «større enn femårsflaum». I tillegg åtvarar dei mot auka fare for jord- og lausmasseskred.

– På fjellovergangane ser det ut til at vinden og nedbøren vil roe seg frå 04-tida laurdag. Elles ser det ikkje så gale ut frå 07-10, men det vil nok dra seg til att natt til søndag, seier Molvær.

– Best på søndag

Meteorologane åtvarar mot opp mot 100 millimeter nedbør, snøskredfare og lokalt vanskelege køyreforhold.

Den sterkaste vinden blir langs kysten. Ved Stad er det venta maksbølgjer på opp mot 10 meter. Når vinden er sørleg, tek den ikkje så langt inn i landet, men også i fjellet vil den vere merkbar. Molvær oppmodar vegfarande om å følgje med på både vêrvarsel vegmeldingar.

– Det kan bli kolonne og eventuelt stengde fjellovergangar. Reisande bør kanskje reise no eller midt på dagen i morgon. Søndag ser det eigentleg ut som den beste dagen, seier han.

Slik er situasjonen klokka 18

  • E16 Filefjell–Snø- og isdekke. Svak vind og opphaldsvêr. (Sist oppdatert kl. 1815)
  • Rv13 Vikafjellet–Stengt grunn av uvêr.
  • Rv15 Strynefjellet–Snø og isdekke. Liten kuling og opphaldsvêr. (Sist oppdatert kl. 1715)
  • Rv52 Hemsedalsfjellet–Snø og isdekke. Lett bris og snø. (Sist oppdatert kl. 1815)
  • Fv13 Gaularfjell–Stengt på grunn av uvêr. Blir ikkje opna i dag. (Sist oppdatert kl. 1330)
  • Fv50 Hol–Aurland–Snø og isdekke. Lett bris og snø. (Sist oppdatert kl. 1815)
  • Fv53 Årdal–Tyin–Stengt på grunn av fare for ras. Blir ikkje opna i dag.
  • Fv55 Sognefjellet–Vinterstengt
  • Fv60 Utvikfjellet–Vekslande bart og snødekke. Svak vind og opphaldsvêr.(Sist oppdatert kl. 14)