Hopp til innhold

Braanaas fryktar for lakseselskap

Lakseoppdrettar Ola Braanaas er kritisk til at kyst- og fiskeriminister Lisbeth Berg-Hansen (Ap) har gjeve etter for EU.

Ola Braanaas

KRITISK: Ola Braanaas fryktar for framtida til dei små og mellomstore lakseoppdrettarane.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Regjeringa gav etter for kravet om at oppdrettsselskap kan eige meir enn 25 prosent av konsesjonane.

Når regjeringa engasjerte seg så sterkt i ostetollsaka , finn Ola Braanaas i Firda Management det underleg at fiskeriminister Lisbeth Berg Hansen ikkje viste same engasjement for dei små og mellomstore lakseselskapa.

– Ho la seg altfor tidleg på ryggen. Kysten er ei gullgruve med eit enormt potensial. No risikerer vi at laksenæringa vert samla på svært få hender. Det seier Braanaas til Fiskeribladet Fiskaren.

– Kva no?

Lakseoppdrettaren viser til at fleire statsrådar engasjerte seg for å få EU til å forstå viktigheita for å beskytte norsk osteproduksjon, gjennom auka tollsatsar for ost.

Ifølgje avisa har Fiskeri- og kystdepartementet sjølv gjort framlegg om å oppheve taket for kor mykje lakseselskapa kan eige.

Selskap som eig meir enn 15 prosent, blir til dømes pålagde å vidareforedle ein viss prosentdel av fisken dei produserer, skriv Fiskaren.

– Eg er veldig spent på kva FKD vil gjere for at vi framleis skal kunne ha små og mellomstore lakseselskap her i landet, seier Braanaas til avisa.