Hopp til innhold

Dømd på nytt for narkobruk

Mannen i 30-åra ser ikkje ut til å ha teke lærdom frå tidlegare møte med Fjordane tingrett. No er han på nytt dømd for narkotikabruk.

Sunnfjordingen i 30-åra erkjende at han i sommar i år kjøpte tre gram amfetamin. Han er kjende også å ha brukt amfetamin i same tidsrom.

Dermed vart mannen på nytt funnen skuldig i brot på narkotikalova.

Retten meinte likevel at kvantumet ikkje utgjorde særskilt spreiingsfare, men la i straffeskjerpande til at mannen tidlegare er dømd for tilsvarande forhold.

– (...) at han no har gjort seg skuldig i eit nytt forhold, talar for at han ikkje har teke tilstrekkeleg lærdom av tidlegare domfellingar, skriv tingrettsdommar Ida Kristin Bøen.

Saka gjekk som tilståingsdom og retten fann det formildande at mannen si tilståing gav ein prosessøkonomisk vinst. Sunnfjordingen vart likevel dømd til fengsel i 24 dagar, med prøvetid på to år. Til frådrag kjem to dagar som mannen sat i varetekt.

I tillegg må mannen betale 4.000 kroner i bot, eller sitje åtte dagar i fengsel.