Hopp til innhold

Varslar store nedbørsmengder, flaum og auka skredfare

Store nedbørsmengder og høge temperaturar vil i helga gi raskt aukande vassføring på Vestlandet. No åtvarar NVE mot både lokal flaum og auka fare for jord- og lausmassekred.

Flaum på Nordfjordeid

ARKIVFOTO: Slik såg det ut under ein flaum på Nordfjordeid. Dersom tette avlaup sender vatnet ut på nye vegar dei neste døgna, kan det fort bli flaum igjen.

Foto: Øystein Torheim

NVE har sendt ut flaumvarsel, medan Meteorologisk institutt har sendt ut OBS-varsel for Vestlandet sør for Stad og Agder.

Dei siste prognosane viser at det lokalt kan kome 50–100 mm nedbør laurdag. Dette gir både auka fare for skred og flaum.

– Hadde det vore berre regn, så hadde det sikkert ikkje gitt så store problem. Når det i tillegg blir snøsmelting så kan ein få nokre utfordringar. Då kanskje i strok der snø og is tettar naturlege avløpsvegar og sluk, så får ein lokal flaum som følgje av det, seier vakthavande hydrolog hos NVE, Ingjerd Haddeland.

Femårsflaum

Medan det er venta vêrtype tett opp under grensa for ekstremvêr i nordlege delar av landet, er det natt til laurdag venta liten storm på kysten av Vestlandet. Meteorologar varsla torsdag maksbølgjer på opp mot ti meter ved Stad.

Og noko mindre nedbørsmengder enn det dei varslar no. NVE varslar flaum på nivå med ein femårsflaum. Det er venta vanskelege køyreforhold.

– Femårsflaum treng slett ikkje vere så veldig gale, slik sett er det mest dei lokale flaumane som gjer at det blir eit problem. Får ikkje vatnet renne unna så samlar det seg og det kan bli litt meir vatn enn det ein vil ha, seier ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vêret laurdag 29. desember

NEDBØR: Dette vêrbiletet vil gi kraftig vind og lokalt store nedbørsmengder over Vestlandet dei neste døgna.

Foto: Vêrvarslinga på Vestlandet

Auka snøskredfare

Skredforskar Krister Kristensen

ÅTVARAR: Skredforskar Krister Kristensen.

Foto: NRK

Men med auka fare for snø-, lausmasse- og jordskred, bør ein absolutt vere på vakt dei komande dagane. Skredforskar Krister Kristensen ved Norges Geoteknisk institutt åtvarar mot offpistekøyring og isklatring.

– Det er generelt ustabilt snødekke no, så ein bør vere varsam med isklatring og offpistekøyring, seier han og gir både leheng og snørike stader som teikn på at ein bør vere særskilt varsam.

– Nysnø i 30–40 centimeter djupn, saman med vind fører til farlege forhold. Men faren er nokså lokal. Det har vore ein spesiell vinter med generelt lite snø enkelte stader, medan andre har fått meir, avsluttar Kristensen.