Hopp til innhold

Manglar farmasøyt - stengjer apotek

Det er stor mangel på farmasøytar på Vestlandet. I Førde held Vitusapoteket stengt i romjula fordi dei ikkje greier å finne vikar til farmasøyten som er på juleferie.

Vitus Apotek i Førde

STENGD: Vitusapoteket i Førde held stengd i romjula.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

Regionsjef for Vestlandet i Vitus Apotek, Mette Aune, seier det er utfordrande å få nok fagfolk.

–Det er ei kjempestor utfordring vi har hatt i mange år. Det er vanskeleg å få fagpersonell til distrikta, det gjeld både farmasøytar og legar, seier ho.

Manglar 150 farmasøytar

Vitus apotek i Førde

MANGLAR FARMASØYT: Apoteket må halde stengd i jula.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

Sjuke folk som i romjula skal ha ut reseptmedisinar og hostesaft, møter stengde dører ved Vitusapoteket som er eitt av tre apotek i Førde.

Dei greidde ikkje skaffe vikar til farmasøyten som er på juleferie heime i Ungarn. Til ei kvar tid er det rundt 150 ledige stillingar i heile landet.

– Dette er eit problem som alle apotekkjedene har over heile landet. Det er også utfordringar i Bergen, Oslo og Trondheim, seier Aune.

Må utdanne fleire

Kvart år blir kring 120 farmasøytar uteksaminerte i Norge. Det er langt frå nok til landets 730 apotek, seier administrerande direktør Per Lund i Apotekforeningen.

– Det er skrikande mangel etter dei og dei får gode vilkår. Vi som bransje må vere endå flinkare å vise kor spennande denne utdanninga er.

I fagforeininga Farmaceutene jobbar dei med å få fleire studieplassar. For leiar Tove Ytterbø synest det er synd at apotek blir stengde på grunn av mangel på fagfolk.

– Det er veldig trist, men eg veit at det stor farmasøytmangel i Norge. Vi jobbar med å få auka studiekapasiteten mellom anna i Bergen.