Hopp til innhold

Set seg på skulebenken

Leiar i Politiets fellesforbund Arne Johannesen skal byrje på skulen.

Arne Johannessen

BLIR ELEV: Arne Johannessen vert elev på Forsvarets Høgskule frå januar.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

- Dette er ein sjanse eg ikkje kunne la gå frå meg, seier Arne Johannesen til bt.no .

Tek permisjon

Leiaren i politiets fellesforbund tek tre månader permisjon frå første januar for å gå på Forsvarets Høgskule.

Han skal delta på Forsvarets Høgskules sjefskurs fra januar til mars og vil vere tilbake som forbundsleiar 1. april.

Johannessen har vore leiar i forbundet sidan 2000, og det har særleg det siste året blese hardt rundt leiaren frå Sogn.

Utfordrande år

Det vart mellom anna ein del bråk kring Unio Stat-streiken i vår der Johannessen var streikeleiar.

- Det er klart at det har vore eit utruleg tøft køyr og ein meget spesiell periode i 2012. Men det har ingenting med søknaden til Forsvarets Høgskule å gjere, seier han til avisa.

Johannessen har tidlegare uttalt at går av som sjef i forbundet i 2014.