Hopp til innhold

Semitrailerar treft av jarnstong

Tre semitrailerar på veg mot Lote ferjekai vart torsdag ettermiddag trefte av ei stigjarn midt i Lotetunnelen.

Semitrailerer treft av stong i tunnel.

TREFTE: Tre semitrailerar fekk truleg skader for 150.000 kroner då dei trefte eit stigjarn som hang ned frå tunneltaket i Lotetunnelen.

Foto: Privat

Den høgaste av semitrailerane målte 3,98 på toppen av spoilersettet.

– Eg køyrde som vanleg og høyrde eit smell og merka at eg vart treft. Då eg kom ut ringde eg dei andre i følgjet, og spurte om dei også hadde opplevd noko, fortel den eine av førarane.

– Ingen istapp

Ved nærare ettersyn viste deg seg at alle dei tre i følgjet hadde fått ein del skader på hytta. Solskjermane hindra at frontruta vart knust, men vart sjølv knuste då jarnstonga trefte.

Knuste vart også 1000-meterar og fløyte, medan taka på hyttene fekk seg både bulk og striper.

(Artikkelen held fram under biletet)

Trailerar treft av stong i tunnel.

ØYDELAGD: Semitrailerane fekk solskjermar knust. Taka på hyttene vart også skadde då dei trefte stigjarnet.

Foto: Privat

– Alle semitrailerane vart trefte midt over fronten. Vi filosoferte litt om det var ei lykt, for noko istapp var det definitivt ikkje, seier yrkessjåføren til NRK.no. Som då det tidspunktet ikkje visste kva som trefte dei.

– Frontrutene våre toler mykje, men det som hadde vore skumlast var om det vi trefte hadde falle ned og treft ein møtande personbil, legg sjåføren til.

Stong vart sikra

Sjåførane heldt fram turen frå Kristiansund til Bergen, men varsla Statens vegvesen som stengde tunnelen med det same. Entreprenør vart sendt ut og kunne konstatere at følgjet vart treft av eit stigjarn som er med på å halde takplatene på plass.

Tunnelen var stengd i nær ein time etter uhellet.

– No er denne sikra, og entreprenøren skal opp att fredag og sjå nærare på stonga, opplyser vaktoperatør Roger Nedberge Hille hos Vegmeldingssentralen.

40.000–50.00 kroner

– Det er jo frykteleg irriterande å oppleve slikt. Heldigvis høyrer det med til sjeldenheita. Eg berre håpar dei får rydde opp slik at ikkje andre blir trefte, seier ein av dei tre semitrailersjåførane.

I 2006 var han ute for ein istapp i same tunnelen. Han tippar at skadane torsdag kveld fort kan koste 40.000-50.000 kroner å reparere.

(Artikkelen held fram under biletet)

Trailerar trefte av stigjarn i Lotetunnelen.

KNUST: Både fløyter og 1000-meterar vart knust i samanstøyten.

Foto: Privat

– Det kan vere mykje meir, men og så litt mindre. Det kjem jo an på kor mykje meir skade det er og om ein må lakkere opp att, seier han.

Mista containerar

Det er berre to veker sidan at ein for høgt lasta semitrailer tok oppi taket og mista tre containerar i den same tunnelen. I fjor mista ein trailer containeren på fem tonn då to store køyrety skulle passere kvarandre.

Då sa dagleg leiar Rolf Tenden i Thor Tenden Transport at mange sjåførar, som ikkje er lokalkjende, opplever Lotetunnelen som problematisk. Torsdag ettermiddag målte den høgakte

– No har eg køyrt her fleire gonger, og det som forundrar meg litt er at det verkar som om ein gjer litt utbetringar heile tida, i staden for å gjere det skikkeleg i ein gang. Tunnelen er betre no, men det er framleis litt å gjere her med høgda, seier han.

– Dette er kort og godt ikkje godt nok. Men det skal bli morosamt å sjå kor viljuge Statens vegvesen er til å ta kostnaden for skadane, legg han til.

Frå Statens vegvesen får NRK.no opplyst at dette er ei forsikringssak, der forsikringsselskapa til transportselskapa må melde krav inn til vegvesenet si juridiske avdeling.