Hopp til innhold

Rykte ut til røykutvikling

Brannvernet måtte rykkje ut då ved stabla oppetter vedomnen tok fyr i ein bustad i Florø torsdag ettermiddag.

Røykutvikling i Florø

UTRYKKING: Brannvesenet i Flora måtte torsdag ettermiddag rykkje ut til røykutvikling i Florø sentrum.

Foto: Simon Solheim / NRK

Alarmsentralen fekk melding klokka 16.32 om røykutvikling i bustaden i sentrum av kystbyen. Klokka 16.45 var dei framme og inne i huset med tre røykdykkarar.

Personane i huset kom seg uskadde ut av huset, og ingen vart fysisk skadde. 20 minuttar etter at dei var komne fram avslutta brannmannskapet etter å ha lufta ut huset.