Hopp til innhold

Fem skadde i frontkollisjon i Stryn

Fem personar vart lettare skadde er frakta til sjukehus i Førde etter ein frontkollisjon på fylkesveg 60 i Olden. Tre born kom frå den utan skade.

Fem personar vart skadde, og tre kom born kom frå det utan skadde då to bilar frontkolliderte ved Skarstein i Stryn.

SJÅ VIDEO: Åtte persanar er køyrde til lege etter trafikkulukka der to bilar kolliderte ved Skarstein. (Video: Roger Vik)

Trafikkulukka skjedde like før 14:30 og ambulanse, politi og brannvesen rykka ut til staden.

Ulukka skjedde like ved Skarstein i Olden då dei eine bilen har kome over i motgåande køyrefelt. Det var glatt på staden.

Trafikkuhell ved Skarstein

MATERIELT: Begge køyretya fekk store skader etter samanstøyten ved Skarstein.

Foto: Roger Vik

Samtlege av dei åtte involverte personane vart først sendt til lege, men seinare frakta til Førde sentralsjukehus.

Politiet opplyser at det i eine bilen sat ein familie på fem personar. Mor og far på høvesvis 45 og 46 år vart begge lettare skadde og får poliklinisk behandling. Ein gut og jente på 11 år, samt ein gut på 13 kom uskadde frå ulukka.

I den andre bilen sat tre tenåringar. To år 16 år gamle gutar og ein 18 år gamal gut kom også frå ulukka med lettare skader. Alle dei tre er lagt inn ved vanleg avdeling.

Vegen var ein periode stengd medan bilane vart berga, men er no opna att.

Trafikkulukke ved Skarstein.

STENGD: Fylkesveg 60 var ein periode stengd etter trafikkulukka ved Skarstein.

Foto: Roger Vik