Hopp til innhold

Lite populær blant Sp-veljarane

Berre 15 prosent av veljarane til Senterpartiet vil at noverande leiar Liv Signe Navarsete skal leie partiet fram mot Stortingsvalet til hausten.

Liv Signe Navarsete

Partileiar Liv Signe Navarsete har liten oppslutnad mellom Sp-veljarane.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Nesten halvparten av veljarane til Senterpartiet ønskjer seg Marit Arnstad som ny partileiar og Ola Borten Moe kjem på andreplass, det skriv Nationen.

Dersom alle veljargrupper blir spurt kjem Ola Borten Moe på ein klar førsteplass. Navarsete frå 12 prosent oppslutnad totalt.. Ho seier til nettavisa at ho har ei utfordring.

– Men eg har vore tydeleg på at det er landsmøtet som vel partileiar, så det er opp til dei å bestemme. Men slik eg forstår det, vil verken Arnstad eller Borten Moe stille som leiarkandidatar.

Kommunaliministeren seier at ho nok hadde vore meir populær dersom ho hadde halde fram som samferdsleminsiter.

– Det er lettare å byggje image på veg, bane og breiband, seier ho.