Hopp til innhold

Fleire stengde vegar 3. juledag

Skal du ut og køyre i dag, må du ta ein ekstra sjekk om vegen du planlegg å køyre er open. Det er nemleg ein del vegar i fylket som er stengde eller har redusert framkommelegheit.

Fylkesveg 13 over Gaularfjellet er stengt på grunn av fare for ras, den blir ikkje opna i dag, Også fylkesveg 50 mellom Hol og Aurland er stengt på grunn av uvêr.

Det har vore kolonnekøyring på riksveg 52 over Hemsedalsfjellet, men klokka 09:20 melder Statens vegvesen at vegen er open for fri ferdsel.

Det kan bli innført kolonnekøyring på kort varsel på fylkesveg 53 Tyin–Årdal og på riksveg 15 Strynefjellet. Begge stader er det vanskeleg køyreforhold.

Jan Erikstad på vegtrafikksentralen i Lærdal seier dei som skal ut å køyre i dag, må bu seg godt.

– Ein bør ha tanken full og ha med varme klede. Folk kan bli ståande ei stund dersom det blir kolonnekøyring, seier han.