Hopp til innhold

Gjøran og Bertine knuste all motstand i Ribberennet

Gjøran Tefre frå Førde IL og Bertine Thorsnes Lefdal frå IL Bjørn synte at dei for tida er dei beste langrenssløparane i Sogn og Fjordane.

Vinnarar Ribberennet

STORTALENT: Bertine Thorsnes Lefsdal og Gjøran Tefre satsar begge på ei langrennskarriere.

Foto: Oddmund Lefdal

Under det tradisjonsrike Ribberennet var dei best av alle i dei lengste løypene i Leirdalen i Luster.

Bertine gjekk 5 km på 20,18, medan Gjøran gjekk 10 km på 32,50. Dei går begge på skilinja på Norges Toppidrettsgymnas (NTG) på Geilo.

No satsar Gjøran på å gjere det skarpt i norgescup-renna i Steinkjer første helga etter nyttår.

– Etter ei roleg julehelg er dette ei fin oppkøyring til noregscupen. Der vonar eg å gå tre gode renn og leggja inn ein god søknad til verdscupen, sa Tefre til sognavis.no etter at sigeren var eit faktum.

Tradisjonen tru fekk vinnarane med seg kvar si pinneribbe som eit synleg symbol på god innsats i løypene.