Hopp til innhold

Fire vaksne og ein baby til sjukehus etter utforkøyring

Fem personar, av dei ein baby på åtte månader, blei i natt frakta til Førde sentralsjukehus etter ei utforkøyring i Sundsdalen i Førde kommune.

Ulukke Kinna Sundsdalen

RETT UTFOR: Det er svært smalt og brett der bilen køyrde utfor på vegen opp til Kinna nord for Førde.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Politiet fekk melding om ulukka tre minutt over midnatt og alt tilgjengeleg redningsmannskap vart sendt til ulukkesstaden ved Kinna i Sundsdalen.

Både brannvesen, helsepersonell og politiet reagerte raskt då alarmen gjekk.

Køyrde utfor ein skrent

Mellom anna fire ambulansar, som og tok med vakthavande legar frå sentralsjukehuset.

– Bilen køyrde utfor den smale vegen som går inn til gardane på Kinna og hamna om lag 100 meter ned i ei skråning, opplyser operasjonsleiar Hans Petter Harlem ved Sogn og Fjordane politidistrikt til NRK.

Kinna

KØYRDE UTFOR: Ulukka skjedde langt inne i Sundsdalen, på vegen mot Kinna.

Foto: Google Maps

Ein baby til sjukehus

– Kva kan du seie om personane som var i bilen?

– Det var i alt fem personar, mellom anna ein baby som er under eitt år gamal. Nokon av dei kom seg ut av bilen. Ein av dei skadde måtte fraktast med båra opp den bratte skrenten til ambulansen, seier Harlem.

Fleire av dei skadde tok seg sjølv opp skrenten til bilvegen, før dei fekk hjelp og blei frakta vekk i ambulanse.

Vart åtvara mot glatt veg

Årsaka til ulukka er ikkje kjend, men det var svært vanskelege køyreforhold i området. Det snødde tett under redningsaksjonen.

Både politiet, brannvesenet og ambulansane vart åtvara mot dei smale og glatte vegane inn til ulukkesstaden.

Kinna ligg området over Movatnet og Huldefossen, om lag 6 kilometer køyring frå E39.

Tilstanden for personane som var i ulukkesbilen var ikkje råd å få stadfesta seinast klokka 02.15 i natt.

NRK følgjer opp saka.