Hopp til innhold

Mange klare for å kjempe om ribba

Det tradisjonsrike Ribberennet 2. juledag er i år flytta frå Langeland i Gaular til Leirdalen i Luster. Men kring 70 deltakarar er klar til å kjempe om premiane.

Langeland Gaular

TESTA LØYPENE: Nokre langrennsentusiastar trassa det sure veret 1. juledag og testa løypene på Langeland i Gaular.

Foto: Hedi Lise Bakke / NRK

For lite snø på langrennsarenaen på Langeland gjorde at arrangørane valde å flytte langrennet den lange vegen inn til Leirdalen, som ligg om lag 15 kilometer frå Gaupne.

– Her har det kome 15 cm med snø og forholda ligg godt til rette for eit flott renn, seier leiar i skigruppa i IL Bjørn, Oddmund Lefdal, til NRK.

Snør kraftig

Han har dei siste dagane før jul teke imot ei rekkje påmeldingar til rennet, særleg frå skigruppene i Førde idrettslag og idrettslaget Bjørn i Gaupne.

– Her inne snør det kraftig no i kveld også, så løypene vil bli køyrd opp att i morgon tidleg for å gjere alt klart til eit godt renn, seier Lefdal.

Kjempar om ribba

På Langeland har det og kome meir snø, og ein stad mellom 30 og 40 løparar trassa i dag det dårlege veret og sleit seg rundt løypene der oppe.

– Vi hadde vel kanskje hatt fleire deltakarar på Ribberennet om det var lagt til Langeland, men eg tykkjer at om lag 70 deltakarar er bra, meiner Oddmund Lefdal.

Tradisjonen tru er premien til beste herre- og dameløpar ei pinneribbe i det tradisjonsrike arrangementet.