Hopp til innhold

Her hamna den unge kvinna

Ei kvinne kom frå det utan større skadar etter ei utforkøyring på E39 på Breim tysdag ettermiddag.

Ulukke Gloppen

BERGA OPP: Kvinne kom frå det med lettare skadar etter utforkøyring på Breim 1. juledag.

Foto: Rolf Sanne-Gundersen / NRK

Redningsetatane i Gloppen rykte ut, men kvinna i 20-åra hadde sjølv klart å kome seg ut av bilen etter utforkøyringa ved Breimsfjellet.

– Eg har sjølv snakka med kvinna og ho kom frå det med heilt ubetydelege skadar, opplyser operasjonsleiar Nils Erik Eggen i Sogn og Fjordane politidistrikt til NRK.

Snøfall i deler av fylket har gjort vegane glatte nokre stader, men det er uvisst om det er årsaka til ulukka på Breim.

Kvinna vart frakta til sjukehus i Førde etter ulukka, men i følgje politiet er det snakk om lettare skadar.