Hopp til innhold

Dei droppa snø og kulde for glovarm julefeiring

Stadig fleire nordmenn vel å reise utanlands for å feire jul. Mellom dei er familien Hjelmhaug som lot seg freiste av sol og sand på Gran Canaria.

– Vi har ei varm og flott julefeiring her på Gran Canaria. Stor kontrast å reise frå snøstorm på Jæren 15 desember, ned til strålande sol og 24 varmegrader. Langt bort frå jag etter dei siste juleinnkjøpa rundt forbi på alle shoppingsenter, fortel Linda Hjelmhaug.

Slepp unna snøen

Saman med mannen Ole Hjelmhaug og ungane Malin og Alexander har ho brydd seg svært lite om jula blir kvit eller ikkje. Dei kjem frå Sogndal, men har dei siste åra budd på Bryne på Jæren.

– Vi slepp unna snømåking, matlaging og alt anna som høyrer med til julestria. Julefeiringen, med god julemat, julegåver og slikt, tek vi nyttårsafta når vi er tilbake brune, blide og med batteria fullt opplada, fortel Linda Hjelmhaug og smiler.

300.000 feirar ute

År etter år veks talet på nordmenn som vel å feriere utanlands, og i år har pågongen vore større enn nokon gong. Tal frå reisebyråa syner at stadig fleire nordmenn byter ut findressen med badebuksa og dreg til utlandet for å feire jul.

Tal frå bransjeorganisasjonen Virke syner at kring 300.000 av oss dreg utanlands for å feire jul denne gongen, noko som er ein vekst på kring 5 prosent i høve til i fjor.

– Vrimlar av nordmenn

På Amfi Del Mar på Gran Canaria finn Linda og Ole Hjelmhaug verkeleg roen på plenane, i bassenga og på sanddynene, og forsikrar at dei ikkje saknar snøstorm eit einaste sekund.

– Dette er absolutt noko vi kan gjenta fleire gonger. Vi er absolutt ikkje aleine, for rundt oss vrimlar det av nordmenn fra alle kanter av landet, fortel Linda som gjerne og vil helse heim til alle kjende i Sogn.