Hopp til innhold

Tone må vekk frå Norge for å finne juleroen etter hektisk år

Tone Damli er ein av mange som legg heile eller deler av julefeiringa til andre breiddegrader. 2. juledag set ho og sambuar Aksel kursen for Sør-Afrika.

Aksel Hennie og Tone Damli Aaberge

SOLBRILLER PÅ: Aksel Hennie og Tone Damli set kursen for romjulsfeiring i Sør-Afrika etter eit hektisk arbeidsår.

Foto: Jan Christian Jerving

Julaftan hadde fylkets største kjendis besøk av mor og far heime i Oslo

– Vi laga pinnekjøt og ribbe, kosa oss og gjekk rundt juletreet, fortel Tone som har hatt eit strabasiøst år som artist.

No har ho mellom anna starta si nye karriere som Idol-dommar, tevlinga der ho sjølv vart landskjend som 16-åring.

Dreg til Sør-Afrika

Men no i romjula tek ho med skodespelar-sambuar Aksel Hennie og dreg til utlandet for å finne juleroen.

– No kjenner eg at det skal bli vanvittig godt og veldig naudsynt med ein ferie. Då treng eg å reise vekk, for om eg har ferie og er i Oslo, så klarer eg ikkje å slappe av. Då føler eg at eg må gjere noko heile tida. Eg trur Sør-Afrika er tingen altså, seier Tone til NRK.

Tone Damli

MYKJE JOBBING: Tone Damli har hatt eit hektisk år med mykje konsertar. Her spelar ho i Sentrumsparken i heimbygda Sogndal.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Ofrar mykje fritid

Nyleg skreiv sogndalsjenta på bloggen sin om livet om artist med base i houvdstaden.

– Vanvittig mange balla i lufta, og til visse stunder lure eg på om eg har tatt meg vatn øve hove, for eg slite litt med å få timeplanen til å gå opp. Men nei, eg klara det så vidt, sjøl om eg må ofre mykje fritid ,skriv Tone.

Vil gripe sjansen

Ho gler seg over å kunne nyte samvær med gode vener og familie, når tida strekk til i alt kavet.

– Heldigvis har eg så gode venner, som er der uansett. Skulle så gjerne sett og vore med alle heile tiden, men akkurat no e det håplaust. Eg må smi no når eg har sjansen, sjølv om eg jo håpa at livet mitt alltid skal vere innholdsrikt og travelt, det er jo slik eg lika det, konkluderer artisten.