Hopp til innhold

Melder kvit julaftan mange stader

Det vil truleg snø mange stader i fylket i løpet av ettermiddagen og oppfylle mange sin draum om ein kvit julekveld.

Snø i Naustdal 6. mai

KVIT JUL: Vermeldarane varslar om ikkje anna enn at det truleg vil kome snø i løpet av ettermiddagen og kvelden mange stader.

Foto: Alf Vidar Snæland

Meteorolog Anne Mette Olsen ved vervarslinga for Vestlandet har sett nøye på sine verdata, og konkluderer med at kvit nedbør vil prege ettermiddagen og kvelden julafta.

Vil kome litt snø

– Det vil etter kvart kome litt snø, først i dei sørleg områda frå i ettermiddag. Men nedbøren vil nok gå over til sludd eller regn i dei ytre stroka seint i kveld.

– Så då kan det bli litt kvit jul?

– Ja, det ser slik ut. Vinden har løya ein god del, så no i føremiddag så ventar vi berre ein austleg frisk bris på utsette stader og opphaldsver. Men i ettermiddag får vi ein vindauke, ventar at det kjem ein søraust liten kuling og i kveld sørleg stiv kuling lengst sør i fylket.

Blir kjølegare

For resten av romjula seier Olsen at nedbøren stort sett vil kome som snø i indre strok, medan kystområda kan få regn og sludd.

– 1. juledag blir det skiftande bris stort sett. Det blir litt snø av og til, nedbør som regn eller sludd i dei ytre stroka i morgon også. Det same gjeld for så vidt og på onsdag, men då vert det meir byger så det kan hende at det kjem litt sol innimellom bygene. Då aukar vinden på att til nordvest liten kuling på kysten, seier Olsen.

Frå torsdag av blir det litt kjølegare att, så då kjem det nok nedbør som snø i heile fylket, fortel meteorologen.