Hopp til innhold

- Betre julegåve kan ein ikkje få

NorSun-direktør Bjørn-Olav Brelin går jula i møte litt lettare. Solcellefabrikken har nemleg kvalifisert seg som leverandør av ein ny supertynn wafer - det betyr at direktøren kan få fleire tilbake i jobb.

Norsun Årdal

JULEGÅVE: Direktøren ved NorSun, Bjørn-Olav Brelin, gler seg stort over at dei endeleg har kvalifisert seg som leverandør av ein ny supertynn wafer.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Situasjonen for solcellefabrikken i Årdal har slett ikkje sett lovande ut denne hausten. Seinast i slutten av november sende dei ut permitteringsvarsel til alle sine tilsette.

Men no har både direktøren og dei tilsette fått ei ekstra flott julegåve. Direktør Bjørn-Olav Brelin seier til Porten.no at dei endeleg har kvalifisert seg som leverandør av ein supertynn wafer til SunPower Corporation i USA.

– Dette har vi jobba lenge for og mykje har vore avhengig av at dette kom på plass. Dette var den beste julegåva eg kunne ønskje meg, seier han til Porten.no.

Tøffe tider for solcellebransjen

Solcelleindustrien har ikkje blitt så stor som ein hadde håpa på. Marknaden er krevjande og i august slo leiinga i REC dotterselskapet Rec Wafer Norway konkurs.

Også NorSun har måtte gjere grep for å klare seg. I byrjinga av september fekk alle dei tilsette i Årdal permitteringsvarsel, og i slutten av månaden sa dei opp 33 tilsette ved fabrikken i Sogn.

For vel ein månad sidan fekk alle dei tilsette ved solcellefabrikken permitteringsvarsel.

Men no er det i ferd med å snu

For NorSun sin del verkar ting å snu no. For halvanna veke sidan kunne Brelin fortelje at dei hadde sikra seg ein ny avtale med eit kinesisk selskap. Sjølv om det her er snakk om ein beskjeden kontrakt, sa Brelin at den hadde stort potensial til å utvidast i framtida.

Og denne veka har selskapet altså fått fleire gode nyhende. At NorSun no har kvalifisert seg som leverandør av ein ny type supertynn wafer betyr også leveransar, seier direktøren til Porten.no.

– Det startar forsiktig i 1. kvartal. Så vert det ein gradvis opptrapping av produksjonen og det ser ut til at vi kjem opp eit fornuftig nivå i 2. kvartal, seier Brelin.

Han legg til at dei truleg vil vere tilbake på det nivået dei var på i 2011 når ein kjem ut i 3. og 4. kvartal i 2013.

– Betre enn frykta

Framleis er det mange av dei tilsette ved solcellefabrikken som er permitterte, i tillegg har altså alle dei 200 som jobbar ved fabrikken i Årdal fått permitteringsvarsel.

Akkurat korleis denne siste utviklinga vil påverke bemanningssituasjonen kan ikkje Brelin svare på enno.

– Bemanningskabalen for første kvartal vert lagd i desse dagar. Eg kan ikkje gje eksakte tal, men som følgje av dette og som følgje av andre kontraktar vi er i ferd med å kome opp med, vil bemanningssituasjonen bli betre enn det vi frykta i utgangspunktet, seier Brelin til Porten.no.

Han seier dei vil bruke romjula på å bestemme kor mange av dei permitterte som kan starte i arbeid att. Noko formell avgjerd er ikkje venta før den endelege kontrakten er signert, forklarar direktøren til nettstaden.