Hopp til innhold

Uvêr stengjer fleire fjell - oppmodar bilistane til å køyre E16 over Filefjell

Seint søndag ettermiddag er det framleis tre stengde fjell i Sogn og Fjordane. På Vikafjellet har det vore kolonnekøyring sidan i dag tidleg, og like etter klokka 16.30 vart det innført kolonnekøyring også på Hemsedalsfjellet.

Fylkesveg 53 ved Tyinosen

STENGD: På fylkesveg 53 Tyin-Årdal bles det så mykje søndag at vegen er stengd.

Foto: Statens vegvesen/Webkamera

Uvêret som natt til søndag og søndag slo inn over Vestlandet har lenge vore varsla. Statens vegvesen har sidan før helga oppmoda folk som skulle over fjellet om å ta turen laurdag, og ikkje vente til i dag.

Som dei sa, i dag kan det vere for seint, og slik har det også blitt.

Fylkesveg 50 over Hol-Aurland og fylkesveg 53 Tyin-Årdal har i heile dag vore stengde på grunn av uvêr. Det same har fylkesveg 13 over Gaularfjellet vore.

Ber folk køyre over Filefjell

Det er meldt om redusert sikt på alle fjellovergangane på grunn av sterk vind og snøfokk. På riksveg 52 Hemsedalsfjellet var det lenge så ille at Vegvesenet varsla at det kunne innførast kolonnekøyring på kort varsel.

Klokka 15 hadde situasjonen betra seg ein del, men halvanna time seinare har situasjonen snudd. Like over klokka 16.30 vart det innført kolonnekøyring også riksveg 52 Hemsedalsfjellet.

Riksveg 7 over Hardangervidda er stengd og blir ikkje opna att i dag, det er dermed venta at fleire vil nytte seg av vegen over Hemsedalsfjellet.

Vaktoperatør Hanne Nordheim på Vegtrafikksentralen i Bergen oppmodar folk til å velje ei spesiell strekning frå aust til vest.

– Dei bør køyre E16 over Filefjell. Det bles der oppe også, men det er ope og skal vere greitt å kome seg fram i dag, seier ho til NRK.no.

SJÅ OPPDATERTE VEGMELDINGAR HER

Slik er stoda klokka 17.00

  • E16 Filefjell – Snø- og isdekke. Klokka 13:30 var det -10 grader, frisk bris og snøbyer.
  • Riksveg 13 Vikafjellet – kolonnekøyring på grunn av uvêr (starta opp 6.23 søndag morgon, i nokre timar natt til søndag var fjellet heilt stengt grunna uvêr)
  • Riksveg 15 Strynefjellet – vekslande bart, snø- og isdekke, fare for glatte parti og redusert sikt, vanskelege køyreforhold. Klokka 14.00 var det -11 grader, stiv kuling og opphald.
  • Riksveg 52 Hemsedalsfjellet – kolonnekøyring (starta ca. 16.30)
  • Fylkesveg 13 Gaularfjellet – stengd på grunn av uvêr
  • Fylkesveg 50 Hol-Aurland – stengd på grunn av uvêr (har vore stengd sidan seint laurdag kveld)
  • Fylkesveg 53 Tyin-Årdal – stengd på grunn av uvêr (stengde like etter klokka 06.30 søndag morgon)
  • Fylkesveg 60 Utvikfjellet – bart, fare for glatte parti.

(Artikkelen held fram under biletet)

Stiv kuling

Slik er sikta på riksveg 52 Hemsedalsfjellet søndag føremiddag

SLIK ER SIKTA: Slik såg det ut på riksveg 52 over Hemsedalsfjellet rundt klokka 10.30 søndag føremiddag.

Foto: Privat

Vêrvarselet som er sendt ut for Sogn og Fjordane fram mot midnatt natt til måndag ser slik ut.

Aust og søraust stiv og periodevis sterk kuling 20 utsette plassar. I kveld noko minkande. Tilskyande frå sør, frå seint i ettermiddag litt snø av og til.