Hopp til innhold

Vedgår at det massive presset var med å snu saka for Gunnar (95)

Arbeidarpartiordføraren i Årdal vedgår at det massive presset utanfrå gjorde til at dei raskt tok tak i saka der kommunen nekta ein 95-åring å ete på omsorgssenteret.

Arild Ingar Lægreid

HAR SNUDD: Ordførar Arild Ingar Lægreid og Årdal kommune har gjort ei heilomvending. Ordføraren har aldri ført opplevd å få så mange telefonar om ei sak.

Foto: Hanne Stedje, porten.no

Arild Ingar Lægreid har regelrett blitt nedringt og telefonen har knapt stått stille i dag.

– Det er mange som har vore negative og som har bede oss om å rydde opp i dette, seier Ap-ordføraren til NRK.no laurdag kveld.

Middagen var det store lyspunktet, men så...

Er det greitt å nekte ein 95 år gamal mann å ete saman med andre eldre på eit omsorgssenter? Nei, meiner svært mange rundt omkring i det ganske land, og det enorme engasjementet har leiinga i Årdal kommune fått merke.

For 95 år gamle Gunnar Seim vart nekta nettopp det. Han er for frisk til å bu på senteret, men har den siste tida gleda seg stort over å få ete saman med bebuarane. Han har sjølv betalt for middag og seier det å få vere saman med andre har vore veldig viktig.

Han bur berre nokre hundre meter unna, men vil mykje heller vere saman med andre og lenge har middagen vore det store lyspunktet.

– Då slepp eg å sitje åleine heime og ete, det er einsemda som er verst, fortalde han til Sogn Avis tidlegare denne veka.

Men for to veker sidan var det derimot brått slutt. Overfor TV2 har kommunalsjefen i Årdal forklart at Seim aldri skulle fått ete på senteret, fordi dette er eit tilbod berre for bebuarane.

(Artikkelen held fram under biletet)

Gunnar Seim (95)

DEPRIMERT: Etter at Gunnar Seim (95) vart nekta middag saman med dei andre vart han svært deprimert. No er han letta over at kommunen har snudd.

Foto: Stig Laberg Øvstetun

– Mangel på folkeskikk

Behandlinga av Gunnar Seim har fått folk frå heile landet til å reagere. Sogn Avis fortalde om saka allereie tysdag og i går kveld sende TV2 ein reportasje på fjernsynet.

Nettartikkelen om saka er delt over 12.000 gonger på Facebook og i kommentarfeltet er folk forarga over det som skjer.

Ein av dei som har engasjert seg i saka er komikar Rune Andersen. Han seier til NRK.no at han var svært opprørt over situasjonen til Gunnar Seim, og at han ikkje berre ville irritere seg på Facebook.

– Ein behandlar ikkje ein 95 år gamal mann slik. Det er mangel på folkeskikk.

Tok opp telefonen og ringte rundt

– Men det nyttar ikkje sitje på kvar si tue og vere irritert, ein må gjere noko. Det er ikkje så mykje som skal til, berre det å ta nokre telefonar til dømes, om fleire gjer det så blir det betre, seier Andersen til NRK.no.

Andersen seier han gjorde fleire forsøk på å kome i kontakt med omsorgssjefen og rådmannen og han til slutt fekk kontakt med påtroppande rådmann, Frank Westad. Han skal også ha fått fleire andre til å ringe til folk i kommunen.

– Eg var undrande til korleis det var mogleg å gjere dette mot ein 95 år gamal mann, seier Andersen om kva han sa når han ringte.

– Trur du det at du ringte hadde noko å seie for utfallet i saka?

– Det veit eg ikkje, og det er ikkje så viktig heller. Det viktige er at det skjedde noko, seier Andersen og meiner til at folk er litt vaktbikkjer.

Til NRK seier Frank Westad at han ikkje kan kommentere saka, då han enno ikkje er starta i jobben som rådmann i Årdal.

(Artikkelen held fram under biletet)

Rune Andersen

TOK GREP: Komikar Rune Andersen ville ikkje berre vere opprørt og irritert, men tok i staden nokre telefonar for å prøve påverke dei som sit med makta i Årdal kommune.

Foto: Benedicte Goa Ludvigsen / NRK

Vedgår at presset har gjort sitt

Kommunetoppane i Årdal har fått merke engasjementet på kroppen. Ordførar Arild Ingar Lægreid har aldri før opplevd at så mange ringer om ei sak som det siste døgnet. Han har sjølv ikkje prata med Rune Andersen, men med svært mange andre.

– Eg kjenner nesten ingen av dei som har ringt, det er folk frå heile landet, seier Lægreid til NRK.no.

Kvifor akkurat denne saka har engasjert så mange veit han ikkje, men personleg trur han at det kan ha noko med at saka vart kjent like før jul og at folk får ekstra ilt av at ikkje alle har det bra.

– No har kommunen snudd, er det berre fordi folk har reagert så kraftig?

– Eg må vere ærleg å seie at det presset vi har fått på oss gjer at vi har teke tak i saka momentant. No prøver vi å få til eig god løysing for alle som dette kan gjelde. Vi får eit fokus på dette i vår kommune, og det treng vi sikkert, seier ordføraren til NRK.no.

Sjølv er Gunnar Seim svært letta over heilomvendinga.

– Eg er veldig glad. Dette har vore veldig tungt for meg. Eg har vore så deprimert denne siste veka, seier han.