Hopp til innhold

Han tek juleferie med godt samvit

Etter sju veker med fiske i stummande mørke på eit iskaldt Barentshav er det nokre som tek juleferie med ekstra godt samvit. Tony Silden er ein av dei.

Tony Silden

VIL HEIM: Tony Silden var veldig klar for endeleg å kome seg heim etter sju veker med jobb i stummande mørke på havet.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Nordfjordingen er heilt klart utolmodig og vil ta juleferie. Kanskje ikkje så rart.

Etter nesten to månader ute på havet, langt, langt til nord, er det ekstra godt å sjå husa pynta til jul og vite at snart ventar god mat og hyggjeleg selskap med dei ein er glad i.

– Vi står no her og trippar og vil ha fisken på land, seier skipper på M/S Veststeinen, Tony Silden.

Eit sikkert juleteikn

Mange stadar langs kysten kjem no fiskarane inn for å ta juleferie. I Måløy er det eit sikkert juleteikn at fiskarflåten kjem inn i hamna.

Eit lite plastjuletre er det som minner mest om jula om bord i linebåten M/S Veststeinen som la til kai fredag.

Men blant dei 15 om bord er det lett stemning. Og det skulle kanskje berre mangle, etter sju veker oppunder Nordpolen i eit desembermørkt og iskald klima. Skipper Tony Silden er ivrig og vil heim til kona og dei to små borna.

– No vil eg få føtene høgt og feire jul med familien, gliser han.

– Ei veldig spesiell kjensle

På kaia i kystbyen ligg fiskebåtane på rekke og rad og kan ikkje få levert fort nok, for no er det jul.

Leiar i Sogn og Fjordane fiskarlag, Jarl Magne Silden, har vore med på dette mange gonger. Kontrasten frå knallhardt arbeid på ope hav til det å kome heim er enorm.

– Det er ei veldig spesiell kjensle, den siste turen før jula. Du kjem inn frå Barentshavet der det er natt heile døgnet, så kjem du sørover og ser husa som er pynta, juletre og julegater. Det er ei heilt spesiell kjensle.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jarl Magne Silden

SPESIELT: Jarl Magne Silden gler seg over å sjå dei mange båtane som legg til land ved kai i Måløy før juleferien.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Gler seg over å sjå "lyset" før jul

Nede i båten kan fiskarane sjå ned i eit stappfullt lasterom.

– Det er veldig flott fisk. Fisken vi har fått no er veldig fin, ikkje utmagra, men fin og feit, seier skipper Tony Silden.

Han og mannskapet har jobba døgnet rundt i Barentshavet, omtrent så nær Nordpolen og julenissen du kjem i ein fiskebåt.

– Vi har vore nord om Bjørnøya, der er det svarte natta heile døgnet.

– Det er godt å kome sørover igjen og sjå lyser, det er godt no før jul, seier han.

At det er hardt arbeid er ikkje til å leggje skjul på. Båten og produksjonen går døgnet rundt.

– Vi står på heile dagen, seier skipperen på M/S Veststeinen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fiskebåtane ligg tett ved kaia i Måløy før jul

TETT: Fiskebåtane ligg tett ved kaia i Måløy før jul. Her er det eit sikkert juleteikn når båtane ligg slik.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Kjekt å sjå hamna leve

Overalt på kaia går det mannskap med forventning i blikket. At flåten kjem i land slik er altså eit gamalt teikn på at det er jul her i fiskeribyen. Både leiaren i fiskarlaget og skipper Tony Silden gler seg over at det gamle teiknet framleis er til å stole på.

– Det er kjekt å sjå alle båtane i hamna, og sjå hamna leve, seier han.

Om nokre timar reiser Tony Silden heim til Stårheim i Eid for å feire jul. Der ventar eit godt og varmt julehus og familien, noko heilt anna enn sju veker med linefiske oppunder Nordpolen.

– No blir eg heime til påske. Det litt spesielt sidan vi skal byggje om noko på båten, men til vanleg er eg vekke i sju veker og heime like lenge.

– Tøffe kvinnfolk

Og om det er hardt arbeid for mannfolka til sjøs, er det gjerne ein del hardt arbeid for dei som er heime åleine også.

– Det er dette yrket vi har valt, men vi har tøffe kvinnfolk heime som står på, og då går det så godt så, gliser han.