Hopp til innhold

Har du sjansen - reis laurdag

Skal du over fjellet og heim til jul? Då kan det vere ein god idé å reise laurdag i staden for søndag.

Bjøberg på Hemsedalsfjellet fredag 21.12.12.

EIN DEL TRAFIKK: Ved 19-tida fredag kveld er det meldt om ein del trafikk på riksveg 52 over Hemsedalsfjellet.

Fredag kveld ved 19-tida er det ikkje meldt om problem på fjellovergangane i Sogn og Fjordane, og det skal også gå fint med trafikken elles i fylket.

Men skal du over ein av fjellovergangane før julaftan kan det vere ein fordel å gjere det laurdag. Natt til søndag bles det nemleg opp, og det kan bli vanskelegare å kome seg frå aust til vest eller omvendt.

– Fjella ser greie ut no, men meldingane tilseier at det kan bli noko meir ruskete natt til søndag, seier Jan Erikstad ved Vegtrafikksentralen i Lærdal til NRK.no fredag ettermiddag.

Erikstad seier det spesielt er på fylkesveg 50 Aurland-Hol at det kan bli problem når vinden tek seg opp på vesle julaftan.

– For dei andre fjella ser det ikkje så gale ut enno, seier han.

Har du sjansen – reis laurdag

Uansett kan det vere ein god idé å setje seg i bilen og ta turen i morgon om ein har sjansen meiner han.

– Det er ofte meir trafikk også, og om det blir stogg kan det bli lengre stogg, seier Erikstad.

Det er bitande kalde minusgrader på alle fjellovergangane, og blir ein ståande på grunn av trafikkuhell eller uvêr kan det bli ei lang og kald ventetid. Tipset om å ha med seg godt med klede er like aktuelt desse dagane som elles i den kalde årstida.

– Følg med på meldingane

Tusenvis av bilistar skal over fjella i Sør-Norge for å kome seg heim til jul. Ved 19-tida fredag kveld ser det altså førebels bra ut, men vêret i fjellet kan endre seg fort.

Jan Erikstad ved Vegtrafikksentralen har difor ei enkel, men viktig, melding til dei som skal ut på tur.

– Følg med på meldingane. Nokon fjell er som regel betre enn andre, så ha det i tankane, seier han til NRK.no.