Hopp til innhold

Brasa utfor vegen og landa i fjæra

Ein mann i slutten av 60-åra redda seg ut då bilen han førde køyrde av vegen og hamna i fjæresteinane på fylkesveg 622 mellom Torheim og Eid. Han vart frakta til sjukehus med alvorlege skader.

Mann berga seg ut etter at bilen hamna i fjorden ved Torheim

I SJØEN: Mannen skal sjølv ha klart å redde seg i land etter at bilen han førde hamna i sjøen. Her er redningsmannskap i ferd med å få han opp att til vegen.

Foto: Øystein Torheim

Politiet fekk melding om ulukka klokka 16.08, og alle naudetatane rykte ut til staden.

Ein bil skal ha køyrt av vegen, og vart liggande i sjøkanten vel 30 meter lenger nede. Politiet opplyste klokka 16.35 at ein person hadde kome seg ut av bilen, og at det ikkje var grunn til å tru at det hadde vore fleire i bilen.

Oppdaga hjul i vegbana

Etter det NRK kjenner til skal det ha vore forbipasserande som vart merksame på eit hjul som låg i vegbana, og oppdaga at det låg ein person i fjæresteinane. Politiet seier forbipasserande tok seg ned til mannen og fekk sett til han.

Redningsarbeidet var krevjande, og føraren vart til slutt flytta over på ei båre som vart dratt opp til vegen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bilen vart liggande ute i fjorden, medan føraren berga seg i land

LANGT NED: Det er rundt 30 meter frå vegen og ned til fjæresteinane der bilen køyrde utfor. Innringa ser ein korleis bilen vart liggande rundt ti meter frå land.

Foto: Øystein Torheim

Frakta til sjukehus

Bilføraren, som er ein mann i slutten av 60-åra, er frakta til sjukehuset i Førde med luftambulanse. Ifølgje politiet skal han ha vore bevisst då han vart funnen av vitne, men dei kunne utover det ikkje seie noko om skadeomfanget ved 18-tida.

AMK ved Førde sentralsjukehus opplyser ved 21.30-tida fredag kveld at mannen er alvorleg skadd og får behandling ved intensivavdelinga.

– Bilen har køyrt over ein betongmur og hamna i sjøen. Den vart liggande mellom fem og ti meter frå strandlinja, opplyser operasjonsleiar Kjetil Avsnes ved Sogn og Fjordane politidistrikt til NRK.no ved 18-tida.

Kva som er årsaka til ulukka kan politiet ikkje seie noko om enno. Det har vore glatt på fleire vegar i Sogn og Fjordane fredag, og Avsnes seier det truleg også har vore det ved ulukkesstaden.

Førar redda seg ut då bil brasa i fjorden ved Torheim

HJUL: Forbipasserande oppdaga eit hjul i vegbana og oppdaga mannen i fjæresteinane. Her er redningsmannskapa i ferd med å gjere seg klare til å redde mannen opp.

Foto: Øystein Torheim