Hopp til innhold

Politiet ber om tips etter tjuveri

Ein eller fleire personar stakk torsdag kveld av med ein liten firhjuling i Førde. Då eigaren fann den att var den påført skader.

Politiet har fredag ettermiddag fått inn ei politimelding etter ein episode som fann stad torsdag kveld. Eigaren av ein liten firhjuling, ein ATV moped av merke Viper ST 50, hadde då parkert doningen sin i Førde sentrum.

Ei tid seinare oppdaga han at firhjuling var borte vekk. Firhjulingen vart funnen att berre nokre hundre meter unna, men var då påført skader.

Politiet er svært interesserte i tips, og seier dei gjerne vil vite kven som har køyrd firhjulingen. Om det berre er denne korte avstanden vedkommande har køyrt, eller om firhjulingen har vore på ein lengre tur med ukjent sjåfør, kan ikkje politiet svare på.

Dersom du veit noko om dette kan du ta kontakt med politiet på telefon 02800.