Hopp til innhold

Håpar ingen blir påkøyrde før farten vert sett ned på E39

Først sommaren 2013 vil det bli laga fartshump og 40-sone på E39 i Halbrendslia i Førde. Foreldra i nærområdet håpar ingen vert påkøyrde før det.

Jostein Hillersøy

KRYSSAR FINGRAR: Talsperson i aksjonsgruppa, Jostein Hillersøy, håpar ingen vert påkøyrde før noko skjer med fotgjengarovergangen.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Eg håpar det ikkje skjer ei ulykke. Eg håpar og trur det går bra i år også, og at vi ikkje mistar nokon der nede, seier Jostein Hillersøy.

Han er talsperson for aksjonsgruppa som i lengre tid har jobba for å få betra trafikktryggleiken for dei gåande som kryssar E39 ved innkøyringa til Førde sentrum.

I byrjinga av desember aksjonerte gruppa for å få fortgang i arbeidet med å gjere det tryggare å verdas på vegen. Det vart endåtil føreslege å byggje stillasbru over europavegen, noko Vegvesenet ikkje meinte var ei god løysing.

– Plassen er livsfarleg

Likevel er Hillersøy glad for at det endeleg i det minste skjer noko.

– Eg er glad dei gjer noko. Det er det viktigaste at Vegvesenet tek oss på alvor og ser at det må gjerast noko. Dette er ein livsfarleg plass, og eg har problem med å forstå at dei ikkje har teke tak i det før, seier Jostein Hillersøy.

Han peikar på at krysningspunktet på E39 er farleg, ikkje berre for born som må krysse vegen til og frå skule, men også for dei mange vaksne både gåande og syklande som nyttar vegen til og frå jobb.

– Vi må berge ungane våre, det er prioritet nummer ein. Har dei ikkje meir pengar, så er det deira ansvar å skaffe meir. Vi kan ikkje vere slik stilt i dette landet at vi ikkje kan ordne overgangane våre slik at vi kan vere trygge når vi ferdast til fots, seier Hillersøy.

(Artikkelen held fram under videoen)

Aksjonistar gjekk fram og tilbake over Askvoll-krysset i Førde. No vil dei ha betre forhold for kryssing av vegen på ulykkespunktet.

Farleg kryssing på E39

Kan gå 30 år til vegen vert lagt utanom

Han legg til at slik det fungerer no, er det på halv åtte, og knapt det.

– Det går heldigvis stort sett bra, og eg håpar at det held fram til vi får ordna dei plassane det gjeld, seier Hillersøy.

Han ønskjer fartshumpar og nedsett fartsgrense velkommen, sjølv om det ikkje er i nærleiken av det optimale.

– Det er fint viss fartshumpar hjelper, sjølv om eg ser at humpar og 40-sone på E39 ikkje blir godt motteke. Har dei ikkje pengar til noko meir, så får dei gjere det i første omgang. Men så må det gjerast noko seinare, for vi kan ikkje vente på at E39 vert lagt utanom sentrum. Det kan gå 30 år til det skjer, seier Hillersøy.

Han er klar på kva han meiner ville vere den beste løysinga for dei gåande.

– På sikt må det lysregulerast, og då må Halbrendsbrua ordnast, for der går det på halv åtte. Der går fotgjengarfeltet rett over brua og det kjem bilar brått på frå begge sider, samt at det også må gang- og sykkelveg på plass frå Steinen til Halbrendsbrua, seier Hillersøy.

(Artikkelen held fram under biletet)

Trafikkaksjon i Halbrendslia 6.12.12

KRYSSA: Slik aksjonerte dei for ein tryggare veg.

Foto: MMS-foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Pengemangel er ikkje unnskyldning

Han karakteriserer tilhøva ved fylkesveg 609 mellom Førde og Askvoll som skremmande.

– Det har vore regulert sidan 1992, altså i 31 år, til gang- og sykkelsti. Kva som gjer at ein ikkje har komme lenger på det, er meg ei gåte, seier Hillersøy.

Han meiner pengemangel ikkje er ein god nok unnskyldning.

Seksjonsleiar i Statens vegvesen, Magna Vangsnes, stadfestar at det ikkje kjem noko gangbru over E39 i næraste framtid.

– Førebels ser det ut til at å lage gangbru vert for kostbart i forhold til dei midlane vi har til disposisjon i 2013. Det ligg an til at vi hevar gangfeltet, lyser det betre opp, samt set ned fartsgrensa, seier seksjonsleiar i Statens vegvesen, Magna Vangsnes.

Magna Vangsnes

EIN MILLION: Seksjonsleiar i Statens vegvesen, Magna Vangsnes, understrekar at det er ikkje meir pengar i potten enn ein million kroner.

Foto: Eli Eikenæs Vengen (MMS-foto)

Ho legg til at ein i tillegg kjem til å gjere grep i sideterrenget for å gjere fotgjengarar meir synlege.

– Vi vurderer å setje farten ned til 40 kilometer i timen, seier Vangsnes.

Ho legg til at Vegvesenet har éin million kroner til rådvelde på denne strekninga.

– Vi kjem til å utføre tiltaka i sommar, stadfestar Vangsnes.