Hopp til innhold

Frå 140 kilo til maratonløpar

Han har gått frå 140 til 92 kilo sidan i fjor sommar. No skal Martin Roland Hansen springe maraton.

Eit ønske om eit sunnare liv og eit betre kosthald førte til at kiloane byrja å renne av Martin Roland Hansen. Den danske mannen har gått frå å vere kraftig overvektig til å springe med lette bein i fleire timar.

Så mykje har Martin slanka seg

- Sjå på det beltet! Det har han hatt med seg heile tida. Berre sjå skilnaden på livvidda. Det er ganske heftig, seier personleg trenar Eirik Flatjord ved treningssenteret Puls i Førde.

- No må eg lage eit nytt hol. Eit marathon-hol, seier ein leande Martin Roland Hansen.

Martin Roland Hansen og personleg trenar Eirik Flatjord

PÅ MØLLA: Personleg trenar Eirik Flatjord oppmuntrar medan Hansen tek ein tørn på tredemølla.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Ned 50 kilo

«Ikkje gje deg. Det er lett! Du får det til berre du ikkje gir deg»

Martin Roland Hansen

41-åringen frå Danmark har gått ned ned 50 kilo på ni månader og var slett ingen lettvektar då han la om livet sitt i fjor sommar. No er han klar for tredemølla, og trenaren stiller ho inn på ein times roleg langkøyring i snakketempo. Rein feittforbrenning.

- Dette er berre kos. Julekos, seier Hansen.

- Dette skal berre vere roleg, men det må seiast at han er begynt å kome i ganske bra form, seier Flatjord.

Meir meg sjølv no

- Eg opplever det slik at mange tilpassar oppførselen sin over for andre etter korleis dei ser ut, og slik bør det ikkje vere. Når ein går ned i vekt blir ein også behandla annleis. Sjølv om eg var behandla bra før, blir eg behandla betre no, seier Hansen.

– Eg føler meg ikkje som nokon ny person, men eg føler at eg har vorte meir meg sjølv, legg han til.

Og om ein månad skal den ein gong 140 kilo tunge mannen ta steget fullt ut. Han skal til Gran Canaria og springe maraton, og for det takkar han den personlege trenaren sin.

Martin Roland Hansen har gått frå å vere kraftig overvektig til å springe med lette bein i fleire timar. 
Saman med personleg trenar Eirik Flatjord har han trent mot eit mål: springje maraton på Gran Canaria om ein knapp månad.

Frå overvektig til maratonløpar

Viktig trenar

- Eirik har vore kjempeviktig. Han har gitt meg gode råd heile vegen. Når han har sagt noko glupt til meg har det gjerne gått ein månad før eg har klart å omsette det i praksis, seier Hansen.

- Kva var det du sa til han?

- Han brukte veldig mykje tid på styrketrening, så han måtte forstå at han måtte bruke tid på forbrenningstrening.

– Sjå på han no: Han er biten av springebasillen, og det er herleg å sjå kor langt han har kome. Målet han har sett seg om maraton klarar han heilt fint, seier Flatjord.

Tøffare mål

Først var målet til Hansen å fullføre maraton. Så var det å fullføre under fem timar, no når det nærmar seg har han sett seg enda eit nytt mål.

- Fire timar og 40 minuttar skal eg klare, seier Hansen.

- Det er bra, supplerer trenaren.

- Det var ikkje tanken om å gå ned i vekt som motiverte han. Det var tanken om eit sunnare liv og å komme i form som motiverte han. Og kosthaldet har vore ein viktig del, seier Flatjord.

Et oftare og mindre

- Eg et hyppigare, altså mindre måltid om lag kvar tredje time. Ikkje ete til du er overmett. Eg var ikkje oppteken av korleis eg skulle sjå ut og hadde ikkje mål om noko spesiell vekt. Eg ville berre føle meg betre, seier Hansen.

- Det merka eg med ein gong han kom til meg. For han var ikkje den ytre motivasjonen nokon stor faktor. Folk har gjerne lyst til å bli kvitt nokre kilo og bli litt strammare. Slik var det ikkje med han. Han hadde indre motivasjon, seier trenar Flatjord.