Hopp til innhold

Starta rivinga av Harastølen-bana

No er det ingen veg tilbake for taubana til Harastølen i Luster. I natt vart deler av bygget i eine enden av bana knust til grus.

From InfoDispatcher.SingleFileImporter

RIVING-GONDOL-LUSTER

- Arbeidet har eigentleg gått veldig greitt. Me måtte utsette stenginga av fylkesvegen til litt over midnatt fordi folk skulle koma seg heim frå ein juletrefest, men vegen var opna att litt før klokka tre, seier maskinentreprenør Ernst Rune Melheim som stod for rivinga. Ei riving som kan vera første del av rivinga av heile Harastølen-komplekset.

(Artikkelen held fram under biletet)

Riving av Harastølen-bana

TIL GRUS: Det tok ikkje mange timane før ustikkaren over fylkesvegen var vekke i natt.

Foto: Stig Indrebø / NRK

Grus og skrapjarn

I mellomtida hadde ein del av taubanebygget nede ved fjorden vorte redusert til grus og skrapjarn. Utstikkaren over fylkesvegen har vore eit hinder for trafikken så lenge den har stått der, men den har også tent som minne om ein svunnen tid. Då den store sanatoriebygningen på Harastølen framleis var i drift.

(Artikkelen held fram under biletet)

Taubana til Harastølen

FØR: Slik såg taubanebygget nede ved fjorden ut fram til og med torsdag kveld. No er takplata som gjekk rett over riksvegen borte.

Foto: Vidar Gudvangen (MMS-foto) / NRK

Mange villle beholde

- Det er klart det blir enklare å kome forbi der no. Du har jo vore nøydd til å byte side om du skulle forbi med eit stort køyretøy. Det er likevel mange bygdefolk som vil ha det som det er, seier Melheim.

Dei vil rive Harastølen, men ikkje alle er einige om det.

Harastølen

Luster Sanatorium på Harastølen stod ferdig i 1902, og taubana opp var lenge den mest pålitelege transportåra opp til det enorme bygget som har tent som både tuberkolosesanatorium, psykiatrisk sjukehus og asylmottak.

Les om historia til Harastølen her

Går mot riving

No kan det gå mot riving av den forfalne hovudbygningen som ikkje har vore i bruk sidan 90-talet, og taubana kjem garantert aldri til å gå att. Før bygget vert rive er det likevel planar om å spele inn ein skrekkfilm i den gamle hovudbygningen.

- Arbeidet vil halda fram ut over dagen. Det kan bli nokre korte stengingar av vegen, men det er passasje der no. Likevel er det mykje grus og mange tonn med armeringsjarn som skal vekk, seier Melheim.

Taubanestasjonen etter riving av takplata

ETTER: Slik ser det ut på staden, etter at Vegvesenet har gjort unna rivingsarbeidet.

Foto: Tage S. Moen