Gjennom nettsida fiksgatami.no kan innbyggjarane no taste inn postnummer for området problemet gjeld, og markere på eit kart kvar problemet er. I tillegg til å fylle ut ein tekst om kva som er problemet.
Dette er ei ordning teknisk sjef, Bernhard Øberg, oppmodar innbyggjarane om å bruke.
– Vi håpar å få tilbakemeldingar på alt frå slagholer, til manglande gatelys og vegbommar som står opne, seier han til NRK.no.
Vil bli betre
Nettsida har allereie registrert nær 13.000 rapportoppdateringar på landsbasis. Av desse 88 berre siste veka. I alt 246 feilmeldingar er utbetra siste månaden.
Også førdianarane har teke nettsida i bruk. Sidan 3. oktober har kommunen fått 20 tilbakemeldingar om ulike ting som gjeld vegnettet i Førde.
– I utgangspunktet er dette ei løysing som alle kommunar kan velje. Vi har vald denne løysinga fordi tenestene våre rundt vedlikehaldet skal bli endå betre, seier Øberg.
Får e-postar
Informasjonen som blir lagt inn på sida går i e-post til teknisk drift. Når problemet er fiksa, får meldar tilbakemelding om dette. Øberg seier enkelte problem kan vere enkle å fikse, medan andre kan to noko lengre tid.
Større manglar og meldingar kan ende opp som sak til budsjett- og økonomiplanhandsaming.
– I utgangspunktet vil ikkje denne løysinga koste oss meir, så står det att å sjå om vi har midlar til å dekke alle hol som skulle dukke opp, seier Øberg.
Raskt og effektivt
Nettsida sender også melding til Statens vegvesen, slik at kommunen ikkje treng sende sakene vidare
Ifølgje Førde kommune sine nettsider vil servicekontoret framleis ta imot meldingar, men ordninga med den nettbaserte meldingstenesta skal vere raskare og meir effektiv.