Hopp til innhold

Fengsla for familievald i rusa tilstand

Ein nordfjording i 30-åra er i Fjordane tingrett fengsla i to veker med brev og besøksforbod etter å ha utsett sambuaren sin for vald.

Mannen vart pågripen denne veka då ein krangel med sambuaren sin eskalerte. Kvinna skal ha blitt påførd skader. Mannen var sjølv rusa då valden fann stad.

Påtalemakta ynskte mannen fengsle i fire veker på grunn av gjentakingsfare, der tre av vekene var med brev- og besøksforbod.

Kan anke

Advokat Stig Nybø

FORSVARAR: Stig Nybø.

Foto: Kristine Folland / NRK

Sjølv om mannen ikkje hugsar store delar av den aktuelle kvelden, har mannen erkjend innhaldet i siktinga mot han. Samstundes bad han om å bli lauslaten med lovnad om å ikkje nærme seg kvinna og å ikkje drikke igjen.

Nordfjordingen har to veker på seg på å anke fengslinga til lagmannsretten.

– Vi har førebels ikkje teke stilling til om vi vil anke rettsavgjerda, seier forsvarar til mannen, Stig Nybø.

Turbulent forhold

Nordfjordingen mannen er sikta etter paragraf 229 i straffelova, som omhandlar lekamskrenking. Strafferamma er fengsel i inntil fire år.

Det kjem ikkje fram i rettsavgjerda kva vald, eller kor alvorleg vald, kvinna vart utsett for.

– Om omsyn til etterforskinga ønskjer vi ikkje å gå med så mykje informasjon enno. Mannen er sikta for å ha utført vald mot eit familiemedlem, sa politiadvokat Knut Broberg før fengslingsmøtet torsdag.

Tidlegare dømd

Sambuarparet har sidan mannen vart arbeidsledig hatt eit turbulent forhold. Dette toppa seg denne veka då sambuaren ynskte seg ut av forholdet. Mannen ynskte å halde fram, men dei to vart samde om at han skulle finne seg ny stad å bu.

Mannen, som tidlegare er straffedømd tre gonger for vald og truslar, forklarte i retten at han byrja å drikke alkohol då sambuaren gjekk for å leggje seg. I sinne kasta han eit bilete i omnen, og kvinna kom då ut at og bad han reise.

Ho skal også ha trua med å ringe politiet for å seie at han var valdeleg. Nordfjordingen knuste telefonen hennar, og lempa henne ut av huset før han gjekk tilbake til stova og heldt fram med å drikke.

Lite ressursar

Noko seinare på natta vakna mannen av at politiet var i stova. Han forklara at det ofte svartnar for han når han blir hissig i rusa tilstand. Både han og kvinna har forklara at han utanom å ha knuffa, ikkje har vore valdeleg mot henne.

Politiet ynskte fire veker varetektsfengsling på grunn av at dei i julehøgtida har lite ressursar. Retten poengterte at dei har resten av veka, samt nokre dagar i romjula og etter nyttår.

Kan påverke vitne

Retten meinte det var liten grunn til å tru at mannen ville øydeleggje bevis, all den tid han har erkjent forholda i siktinga.

Samstundes såg dei også at politiet var i ein tidleg fase av etterforskinga og vil ha fleire vitne inn til avhøyr. Sidan desse er i nær relasjon til mannen, frykta dei at mannen kunne påverke desse.

Politiet kan halde mannen i varetekt til og med 3. januar.